Sula kommune

Forslag til reguleringsplan for fortau på Remane - 1.gongs offentleg høyring

Med heimel i plan og bygningslova §§12-10 og 12-14 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til reguleringsplan for fortau på Remane til 1.gongs offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Plankart, føresegner og planbeskrivelsen datert: 19.09.2022».

Formålet med reguleringa er hovudsakeleg etablering av manglande fortau på delstrekning langs Remane. I tillegg ser ein på stenging og omlegging av nokre avkjørsler for å forbedre trafikksikkerheita.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 20.10 til 01.12.2022 på internettsidene til Sula kommune. Berørte myndigheiter og naboar vert varsla med brev.

Plandokument

Merknader

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg eller post@sula.kommune.no innan 01.12.22

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 957 12 270