Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Forslag til reguleringsplan for Nedre Kipperberget - til 1.gongs offentleg høyring

Gnr. 104 bnr 1 m.fl. Nedre Kipperberget:

P-030/20 Vedtak: Med heimel i plan og bygningslova (2008) § 12-10 vedtek «Det faste utvalet for plansaker» å legge forslag til reguleringsplan for Nedre Kipperberget ut til 1.gongs offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Planområdet er utvida til å inkludere tilkomstveg fram til Vågnes vegen i tråd med vedtak P-094/19. Det er også inkludert ei ekstra bustadtomt (gbnr 104/30, BFS4).

Formålet med planen er å leggje til rette for frittliggande småhusbebyggelse med tilhørande infrastruktur og leikeareal. Eksisterande naust skal sikrast gjennom plan med eige formål. Ein har til hensikt å sikre ei åpen strandsone og tilkomst til friareal vest for planområdet for allmennheten.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 26.03.20 til 07.05.20.

Berørte myndigheiter og naboar vert varsla med brev.

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 07.05.2020.

Vedlegg