Sula kommune

Gnr. 94 bnr. 441 - Sameige Nøre Sulafjellet - 1.gongs offentleg høyring og ettersyn

P-003/20 Vedtak:

Med heimel i plan- og bygningslova (2008) § 12-10 vedtek «Det faste utvalet for plansaker» å leggje reguleringsplan for Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gbnr. 94/441 ut til offentleg høyring og ettersyn i 6 veker. Plankart, føresegner og planomtale datert 13.12.2019.

Planområdet ligg ved Molværsvatnet på Sulafjellet, om lag 2 km sør for Langevåg sentrum. Tiltakshavar ønsker å formalisere eksisterande hytter, legge til rette for utbygging av utskilte festetomter og legge til rette for utbygging av nye hytter/festepunkt.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 30.01  til 12.03.2020.

Vedlegg

Berørte myndigheiter og naboar vert varsla med brev.

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 12.03.2020.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17