Sula kommune

Offentleg ettersyn av forslag til detaljreguleringsplan - Skuleveg frå Myrbekkane til Rørstadmarka i Sula kommune

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §12-3 har Sula kommune utarbeida forslag til detaljreguleringsplan for ny skuleveg frå Myrbekkane til Rørstadmarka. Norconsult AS har vore plankonsulent. 

Sula kommune varslar med dette og i medhald av PBL §12-10 at planen er lagt ut til offentleg ettersyn.  Det ligg og eit fysisk eksemplar tilgjengeleg på rådhuset.

Merknader eller innspel til planen skal sendast skriftleg til Sula kommune, postboks 280, 6039 Langevåg eller post@sula.kommune.no. Høyringsfristen er sett til 14.11.2019.   

Når høyringsfristen er gått ut vil administrasjonen hos Sula kommune lage ei oppsummering av innkomne merknader, og foreta eventuelle justeringar av planforslaget før planforslaget blir oversendt til politisk behandling.  
Kommunen sitt vedtak av reguleringsplanen kan klagast på til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet i medhald av PBL  § 12‐12. Avgjersleretten i klagesaker er delegert til Fylkesmannen. 

Skildring av tiltaket: 

Føremålet med prosjektet er å legg til rette for trygg skuleveg frå Myrbekkane i Mauseidvåg til planlagt ny skule på Rørstadmarka. 

Det er planlagt ny lokalveg med fortau frå Mauseidvåg til Raudåna. I Raudåna knyt ein eksisterande lokalvegar til ny veg slik at dagens kryss ved fylkesveg 61 kan stenges. Frå Raudåna planleggast det ein gang- og sykkelveg til Kringlevegen. Langs Kringlevegen er det planlagt fortau frem til Aureneset der denne planen møter den planen som er under utarbeiding for ny skule på Rørstadmarka.
 
Ny lokalveg frå Mauseidvåg til Raudåna samt ny lokalveg på Kringlevegen planleggast med fortau på vestsida av køyrebana. Køyrevegen planleggast med 4,5 meters bredde inkludert 0,25 meter skulder på kvar side. Fortauet er planlagt med 3 meters bredde.  

Gang- og sykkelvegen mellom Raudåna og Kringlevegen planleggast med 3 meters bredde + 0,25 meter skulder på kvar side, i alt 3,5 meter. 

Open kontordag 

Kommunen held open kontordag tysdag 29.oktober kl. 16:00-18:00 kor ein kan kome og stille spørsmål til prosjektet og diskutere aktuelle problemstillingar. Representantar frå kommunen og frå Norconsult vil då være til stades og svare på spørsmål. Ta kontakt med Per Ola Ravnå hos Sula kommune for å avtale eksakt tidspunkt.  

Vedlegg

Kontakt

Per Ola Ravnå
Avdelingsingeniør
E-post
Telefon 70 19 91 72
Mobil 414 00 942

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30