Sula kommune

Områdeplan for Sulafjellet - 1.gongs offentleg høyring og ettersyn

Sula kommunestyre vedtok i K-sak 065/22  den 20.10.2022  med heimel i plan og bygningslova §§ 5-2 og 12-10, å legge planforslag for “Områdeplan for Sulafjellet” ut til offentleg ettersyn og høyring i 8 veker.

Saksframlegg med vedtak frå Det faste utvalet for plansaker og Kommunestyret. (PDF, 658 kB)

Formålet med planen er å legge til rette for bygging av ei gondolbane frå Langevåg sentrum til Sulafjellet. Bunnstasjon er planlagt plassert ved Devoldfabrikken i Langevåg sentrum, og toppunktet er tenkt på Rundehornet 727 moh.   

Under finn du plandokumenta,  planforslaget ligg også tilgjengeleg for gjennomsyn på Sula bibliotek og i Servicetorget på Sula rådhus.

Plandokument

Merknad til forprosjektrapportane

Det er ikkje vanleg, eller obligatorisk å legge ved forprosjekt i  ei reguleringssak, dei er heller ikkje juridisk bindande.  Tiltakshavar har i denne saka likevel valt å legge ved rapportane som omhandlar arkitektur og landskap, fordi dei meiner dei  gir god informasjon og har gode illustrasjonar av mogleg framtidig situasjon.

Det har kome inn kommentarar på at desse rapportane er mangelfulle og ikkje inneheld alt som står i innhaldslistene. Her er til dømes nemnt konstruksjon, elektro, ventilasjon. Grunnen til det er i følgje tiltakshavar at dette er detaljar om innvendig framtidige bygg som ikkje høyrer til i ei reguleringssak. Dette er tema som er aktuelle for vidare arbeid inn mot ei byggesak, forutsett godkjent reguleringsplan.

Når det gjeld tema som geologi, skred og  vind,  er desse behandla i fagrapportar som er vedlagt reguleringsplanen, og vurdert i planomtalen. 

Justerte forprosjektrapportar finn du her.

Vedlegg

Samandrag av merknadane med kommentar frå saka om planprogram/planoppstart

Merknadar til planen

Planen ligg ute til høyring i tidsrommet 10.11.2022 til 12.01.2023.  Frist for innsending av merknad er sett til 12.01.2023. 

Merknad til planforslaget skal vere skriftleg, merkast med planID 2021000252, og sendast kommunen pr epost:  post@sula.kommune.no, eller per post til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.      

Kva er ein reguleringsplan og korleis er prosessen

Nedanfor finn du litt informasjon om gangen i ein planprosess, korleis ein reguleringsplan blir til, når i prosessen du kan komme med innspel, og kva rettar du har til å klage på eit eventuelt vedtak.

Grafisk illustrasjon av planprosessane