Sula kommune

Områdeplan for Sulafjellet - varsel om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram

Med heimel i plan- og bygningslova §12-1 varslast med dette oppstart av områdeplan for Sulafjellet. Framlegg til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker, jf. plan- og bygningslova §§ 4-1 og 12-9 og vedtak i det faste utvalet for plansaker, 07.09.21.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for bygging av gondolbane frå Devoldfabrikken i Langevåg til Rundehornet på Sulafjellet. Planområdet omfattar sentrumsområdet ved Devoldfabrikken i Langevåg, tilgrensande bustadområde og deler av Sulafjellet. Reguleringa skal vidare avklare løyper for ulike aktivitetar som alpint, langrenn og sykkel, anleggsvegar, samt tilkomst, kai og parkering ved Devoldfabrikken. 

Planprogrammet ligg på Sula kommune si heimeside Destinasjon Sulafjellet  og Nordplan AS sin heimeside Kunngjeringar - Nordplan.

Merknader og innspel til planarbeidet skal sendast i e-post til post@nordplan.no eller i brev til: Nordplan AS, Notenesgt.14, 6002 Ålesund.

Merknadsfristen er 25.10.21.

Eventuelle spørsmål kan rettast på e-post til Nordplan AS: sn@nordplan.no