Kort oppsummert
Fylkeskommunedirektøren viser til vedtak i fylkestinget sak T 0107/22, der det vart gjort vedtak om reduksjon i FRAM si budsjettramme på ferje frå 2024 på 50 millionar kroner. I tillegg har auka kostnadar og reduserte inntekter medført eit overforbruk både på hurtigbåt og buss sine rammer.
Som ein konsekvens av dette har fylkeskommunedirektøren etablert prosjektet omstilling FRAM 2024, som har som mandat:
- Innsparing på ferje på 50 millionar kroner
- Innsparing på hurtigbåt på 5 millionar kroner
- Innsparing på buss på 10 millionar kroner
- Utgreie kva ei auke med ei takstsone på alle ferjesamband vil bety i auka inntekt, dette som eit alternativ til innsparing gjennom rutekutt.
Fylkeskommunedirektøren vil etter høyringa handsame høyringsinnspela og leggje fram ei politisk sak med ei endeleg liste for omstillingstiltak i FRAM.
Fylkeskommunedirektøren ser på 3 ulike måter å finansiere dagens ruteproduksjon
- Auka statleg overføring for å bevare dagens drift
- Rutereduksjonar tilpassa økonomiske rammer
- Auka inntekter frå dei reisande
Rutetilbod i Sula
Informasjon om moglege konsekvensar for rutetilbod i Sula kommune finn du på side 42 og 48 i rapporten.
Omstilling FRAM 2024 - rutereduksjon eller takstauke - høyringsdokument (PDF, 5 MB)
Innspel
Alle innspel frå publikum, organisasjonar, bedrifter og politisk nivå vil bli oversendt fylkeskommunen samla frå Sula kommune.
For å rekke fristen til aktuelle politiske utval, ber vi om at eventuelle innspel blir oversendt fortløpande til post@sula.kommune.no, eller pr brev til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg seinast innan 15. april 2023.
Merk sendinga med Omstilling FRAM 2024.