Sula kommune

Reguleringsplan for Fabrikkstøa, gnr. 92 bnr 32 -1.gongs offentleg høyring

P-004/20 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova (2008) §§ 12-10 og 12-14 vedtek «Det faste utvalet for plansaker» å legge forslag til reguleringsendring for del av Fiskerihamn, Urkevika, del av N1 – Reguleringsplan for Fabrikkstøa gnr. 92 bnr. 32 ut til offentleg høyring og ettersyn i 6 veker. Plankart og planomtale sist revidert 14.01.2020 og føresegner sist revidert 09.01.2020.

Med desse endringane i føresegnene: A – I situasjonsplanen skal det også redegjerast for løysing av brannsikring (godkjent brannskilje) B - § 15 vert rekkefølgekrav: 14.4. Før det vert gjeve bruksløyve.

Planområdet ligg sør for fiskerihamna og nord for Melbø-buda i Holen i Sula kommune, og er i dag regulert som eit naustområde i reguleringsplanen for fiskerihamn Urkevika, område N1. Eigarane ønskjer å erstatte eksisterande bygning med 2 rorbuer og ønskjer å omregulere og ruste opp heile området slik at det kan nyttast til fritidsbruk.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 30.01  til 12.03.2020.

Berørte myndigheiter og naboar vert varsla med brev.

Vedlegg

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 12.03.2020.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17