Sula kommune

Reguleringsplan for gbnr. 99/33 - melding om 1.gongs offentleg høyring og ettersyn, inkl. utvida planomriss

P-103/20 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova (2008) §§ 12-10 og 12-11 vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til reguleringsplan for gbnr. 99/33 m.fl. ut til offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Plankart og planbeskrivelse inkl. føresegner er datert: 27.08.2020.

Dette på vilkår av at følgande endringar vert lagt inn i plandokumenta: Utviding av planomriss for å sikre gjeldande reg.pl. får vegtilkomst med fortau for  BKBL 2 – veg 15 mot Vågnes vegen. (til ev. t.o.m kommunal eigedom gbnr. 99/12).

Plandokumenta har plan id: 2017000920.

Merknad frå Bolvika vel blir tatt med inn i neste runde.

Vedlegg

Frist for merknadar

Merknader skal sendast skriftleg innan 6 veker frå kunngjering, 22.10.2020 –  innan 03.12.2020, til post@sula.kommune.no ev. Sula kommune, postboks 280, 6090 Langevåg.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17