Reguleringsplan for Syvergarden. Gnr. 87 bnr 3 og 14 m.fl. - 1. gongs offentleg høyring

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-11 vedtek «Det faste utvalget for plansaker» å legge forslag til reguleringsplan for Syvergarden med plan.id: 2021001816 ut til 1. gongs offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Planen vart vedtatt i det faste utvalet for plansaker 25. april 2023 - P-022/23

Plankart er datert: 26.01.23, føresegner og planbeskrivelse er datert: 15.03.23

Formål med planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å detaljregulere eit område på Djupvika, Fiskarstrand, på nord og sørsida av fylkesvegen. Det skal leggast til rette for bustadtomter, einebustadar i kombinasjon med tomter med høgare utnyttingsgrad, med tilhøyrande grøntareal i samsvar med kommuneplanen. Tilkomstvegane vil sanerast og koplast saman med tilliggande reguleringsplanar. Målsetting for arbeidet med reguleringsplanen er å legge til rette for eit godt bu - og oppvekstmiljø.

Plandokument

Berørte myndigheiter og nabo vert varsla med brev.

Merknadar

Merknader til planen skal vere skriftelege og sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 15.06.2023.

Kontakt

Terje Havnegjerde
Rådgivar plan
E-post
Telefon 95 71 22 73