Sula kommune

Reinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune- varsel om utvida planområde

Det blei varsla om oppstart av planarbeid for reguleringsplan for reinseanlegg på Kvasnes 28. august 2018. Planområdet blei seinare utvida i varsel som blei sendt 20. juni 2019. Forslagsstillar er Sula kommune. Plankonsulent er Asplan Viak AS.

Prosjektering av moglege plasseringar av fjellhallen har vist at det er nødvendig å plassere fjellhallen noko lenger sør for å få tilstrekkeleg overdekking. Plassering er ikkje bestemt ennå, men illustrasjonar til konsekvensutgreiingane viser forskjellige moglegheiter, m.a. ei plassering som delvis er utanfor planområdet som er varsla om før.
Det utvida planområdet gjeld deler av eigedommane 58/1, 59/1, 59/2 og 59/12.

Heile varselet om utvida planområde kan finn du her (PDF, 128 kB)

Frist for innspel

Vi ønskjer innspel innan 1. oktober 2022.

Innspel sendast til anna.hellstrom@asplanviak.no eller Asplan Viak AS v/ Anna Hellstrøm, Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund.
Vi ber om innspel til området som er utvida, dvs. der fjellhallen blir vurdert plassert. Det er ikkje opent for nye innspel til andre deler av anlegget.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17