Sula kommune

Ruteendringsprosess 2022

Fylkeskommunen ynskjer innspel til ruteendringsprosessen for buss/hurtigbåt/ferje
som skal starte til hausten.

Her finn du meir informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune om ruteendringsprosessen. (PDF, 182 kB)

Alle innspel frå publikum, organisasjonar, bedrifter og politisk nivå vil bli oversendt
fylkeskommunen samla frå Sula kommune.

For å rekke fristen til aktuelle politiske utval, ber vi om at eventuelle innspel
oversendast fortløpande til post@sula.kommune.no, eller pr brev til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg seinast innan 15.07.21.

Merk sendinga med Ruteendringsprosessen 2022.