Skattelistene for eigedomsskatt 2023
Skattelistene for eigedomsskatt ligg no ute for gjennomsyn.
Skattelister for eigedomsskatt 2023
På servicetorget og på biblioteket kan du lese skattelistene på papir om du ønsker det.
Kva er bustadverdi/formuesgrunnlag
Bustadverdi (formuesgrunnlag) fastsett av Skatteetaten (du finn den i sjølvmeldinga di) blir brukt som grunnlag for berekning av eigedomsskatt for bustadar. Andre eigedomar har blitt taksert.
Sula kommune vart frå og med 2020 delvis definert som ein tettstadssone, noko som kan påverke bustadverdien.
Spørsmål og vurderingar omkring bustadverdien må avklarast direkte med Skatteetaten.
Sula kommune har ikkje anledning til å påverke bustadverdien.
Berekning av eigedomsskatt
Eigedomsskatten for 2023 blir berekna med ein vedtatt skattesats på 1 promille av skattegrunnlaget. For bustadar og fritidsbustadar er skattegrunnlaget 70% av bustadverdi. Det blir ikkje gitt botnfrådrag til bustader og fritidsbustadar i 2023.
Meir informasjon om eigedomsskatt i Sula kommune
Faktura
Eigedomsskatten blir fakturert saman med kommunale avgifter.
Sist endra 27.02.2023 15.22