Sula kommune

Varsel om oppstart av reguleringsendring av plan for Veibust og for Reitehaug, i Sula kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, blir det med dette varsla om oppstart av
reguleringsendring av plan for Veibust og for Reitehaug.

Planarbeidet blir utført av Nordplan AS, avdeling Ålesund, på vegner av Vegsund Slip
Eigedom AS.

Planen omfattar gamle Veibust skule, friområda vest og nord for skulen, bustadområde aust for skulen, og verftet sitt parkeringsplass i nord. Plangrensa er vist på kart under.

Formålet med reguleringsendringa er å legge til rette for etablering av hyblar/
hybelleilegheiter og fellesrom, og etablere utvida parkeringsløysingar for verftet.

Det er aktuelt med tilbygg til gamle Veibust skule, og bygge om verftet sin seksjon av
skulen. Vidare å bygge om einebustadar som verftet eig og/ har kjøpsavtalar på, til
hybelbygg.

Eksisterande parkeringsareal er på sikt planlagd ombygd til ein anlegg i to nivå.
Meir informasjon ligg på Sula kommune si nettside under høyring.

Plandokument

Merknadar

Eventuelle merknader eller innspel til planarbeidet skal sendast til

Nordplan AS avd. Ålesund, Notenesgata 14, 6002 Ålesund eller pr. e-post til hh@nordplan.no, innan 03.02.2022.
Spørsmål kan rettast til Heidi Hansen på telefon 928 57 809.