Sula kommune

Nytt reinseanlegg

Nytt reinseanlegg

Kvifor treng Sula kommune nytt reinseanlegg?

Kommunane er forplikta til å etablere reinsing av kommunalt avlaupsvatn i samsvar med Forskrift om begrensning av forureining (forurensningsforskriften) kapittel 14 for område omfatta av tettstaden Ålesund. Frist for etablering av slik reinsing var for Sula kommune i utgangspunktet 31.12.2015.

Kva har skjedd i saka i tidlegare? (politiske vedtak)

Politiske vedtak - historikk

Her finn du ei kronologsik oversikt over dei politiske vedtaka som er gjort i denne saka.
K-sak 2010-062, kommunedelplan avløp, vedtak om planprogram

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Saksopplysningar

Planprogram for Kommunedelplan for avløp har lagt ute til høyring med frist for tilbakemeldingar sett til 30.08.2010. Konsulenten, Asplan Viak AS, har motteke merknader til planprogrammet og gjort vurderingar av desse (sjå vedlegg). Ut frå mottekne merknadar rår dei kommunen til å ta med eit eige kapittel i kommunedelplanen som diskuterer og gjennomgår ulike brukarinteresser. Utover dette meiner dei at innkomne uttalar ikkje påverkar planprogrammet eller det vidare arbeidet med kommunedelplan avløp. Planprogrammet skal fastsettast av kommunestyret, jf. Lov om planlegging og byggesaksbehandling § 11-13.

K-062/10 Vedtak:

«Kommunestyret vedtar planprogrammet for Kommunedelplan for avløp slik det ligg føre pr. 30.09.2010 (2.utgåve)».

 

K-sak 2011-015, val av strategi

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Vurdering (utsnitt)

Store delar av Sula kommune hører til under Forurensingsforskriften kap. 14, utslepp frå større tettbebyggelse. Reinsekravet er sekundærreinsing, men fylkesmannen kan gi dispensasjon frå dette kravet dersom resipienten kan klassifiserast som mindre følsam, utsleppa har gått gjennom primærreinsing og den ansvarlige gjennom grundige undersøkingar kan vise at utsleppa ikkje har skadeverknader på miljøet. Resipientundersøking utført i 2004 konkluderte med at fjordområda rundt Ålesund og Sula var gode resipientar, med unntak av Aspevågen og Mauseidvågen. På bakgrunn av dette har Fylkesmannen i Møre og Romsdal signalisert at resipientundersøkinga kan nyttast som dokumentasjon på at utsleppa ikkje har skadeverknader på miljøet, og at det kan bli gitt unntak frå sekundærreinsekravet.

Ny resipientundersøking vil bli sett i gang i løpet av 2011-2012 i samarbeid med Ålesund kommune. Dersom ny undersøking fører til at det blir kravd sekundærreinsing kan Fylkesmannen sette ein frist på inntil sju år for å etterkome sekundærreinsekravet. Eit sekundærreinsekrav vil utløyse betydelig større kostnadar. Administrasjonen har ut frå dette valt å planlegge ut frå primærreinsekrav.

Det er ein fordel driftsmessig og kostnadsmessig å samle utsleppa/reinseanlegga til færrast moglege einingar. Spesielt om ein skulle ende opp med eit sekundærreinsekrav. Utsleppet U1 i Langevåg har skapt uro blant naboar, og brukarar av nærområdet. Utsleppet U2 i Djupvikstranda ligg plassert mellom fleire fiskeforedlingsbedrifter som nyttar sjøvatn i produksjonen. U3 på Eikrem og U4 på Sunde er gode resipientar og har få/ingen brukarkonfliktar. Dette er årsaker til at fleire alternative strategiar har vore utreda.

Asplan Viak har etter ei kostnytte vurdering konkludert med at Sula bør legge strategi 1 til grunn for det vidare arbeidet med avløpshandtering. Strategi 1 inneber at ein oppgraderar eksisterande reinseanlegg RA1 i Langevåg, RA2 i Djupvikstranda (samt forlengar utsleppsleidningane), bygger nytt reinseanlegg RA4 på Sunde og Slamavskiljar ved U3 Eikrem og U11 Sulebust. Andre alternativ peika seg ut som best ut frå omsyn til brukarinteresser og kvalitet på resipient, men kostnadsberekningane og det at kommunen har fleire viktige oppgåver innan avløpssektoren som bør prioriterast (jf. kap. 10 Tiltak) vart avgjerande for denne anbefalinga. Prosjektgruppa har delteke i prosessen med konklusjonen ovanfor, og er einige med Asplan Viak i denne anbefalinga. Prosjektgruppa meiner at så lenge ein kan nytte eksisterande bygningar for RA1 og RA2 med berre mindre ombyggingar, og ein kan forlenge utsleppsleidningane til djupare lag vil dette vere den beste løysinga så lenge der er ein viss usikkerhet rundt hovudstrategi, sekundærreinsing/primærreinsing. Tilstanden rundt RA1 og RA2 vil mest sannsynlig bli langt betre enn i dag (og tilstanden under resipientundersøkingane i 2004), med nye silanlegg som oppfyller primærreinsekrav og utsleppsleidningar i djupare lag (jf. delrapport leidningsanlegg). Utbygging av RA4 (Sunde) er med i alle strategiane. For RA4 kan ein kanskje tenke å bygge stort nok for framtidige reinsekrav ev. tenke muligheter for tilbygg. Levetida for eit silanlegg er sett til 15 år.

K-015/11 Vedtak:

  1. «Kommunestyret vedtar at ein i det vidare arbeidet med kommunedelplan avløp ogutforming av søknad om utsleppsløyve skal søkje om fritak frå sekundærreinsekrav jf. Forurensingsforskriften kap. 14.
  2. Kommunestyret vedtar at ein i det vidare arbeidet med kommunedelplan avløp skal organisere avløpssonene som i dag, dvs etter strategi 1.
  3. Kommunestyret vedtek å legge utkast til kommunedelplan avløp ut til høyring2».​​​​​​​
K-sak 2012-039, kommunedelplan avløp, rullering

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Vurdering (utsnitt)

Etter at kommunedelplanen for avløp var ute til høring våren 2011, har prosjektgruppa for avløpsplanen valt å utrede eit alternativ til, - strategi 4.

Asplan Viak har etter en kost/nytte vurdering konkludert med at Sula bør legge strategi 1 til grunn for det vidare arbeidet med avløpshandtering. Strategi 1 inneber at ein rustar opp eksisterande reinseanlegg RA1 i Langevåg, RA2 i Djupvikstranda (samt forlengjer utsleppsleidningane), bygger nytt reinseanlegg RA4 på Sunde og Slamavskiljar ved U3 Eikrem og U11 Sulebust. Denne løysinga vil koste anslagsvis 3,49 millionar kroner i årlege utgifter.

Strategiane som er utarbeidd inneheld også midlar til separering og forbetring av eksisterande nett. Andre alternativ peika seg ut som best ut frå omsyn til brukarinteresser og kvalitet på resipient, men kostnadsberekningane og det at kommunen har fleire viktige oppgåver innan avløpssektoren som bør prioriterast (jf. kap. 10 Tiltak) vart avgjerande for denne tilrådinga.

Prosjektgruppa har delteke i prosessen med konklusjonen ovanfor, og er einige med Asplan Viak i denne anbefalinga. Prosjektgruppa vurderer at strategi 1 er best i forhold til reinkost/nytte vurdering. Å forlenge utsleppsleidningane slik dei kjem ned på større djupne lar seg gjere reint teknisk, anten med ei sjølvfallsleidning eller ein pumpestasjon. Ei slik forlenging av avløpsleidninga vil også redusere faren for forureining av sjøvassinntaka for bedriftene i området rundt U2. Prosjektgruppa meiner at usikkerheten rundt utslippet U2 er viktig å ta omsyn til. Det enklaste er då å forlenge utsleppsleidninga. Sjølv om resipienten ved U2 er klassifisert som god, er det eit alternativ å sjå framover og anta at strengare krav kan føre til at vi må gjere noko med RA2 og RA1 ein gong i framtida. RA1 ligg i eit sentrumsnært område der brukarinteressene er mange. Sentrum vil etter kvart krype vestover mot Molvær og då vil ein reinsestasjon legge beslag på mykje areal som kunne vært nytta til andre formål. No slit vågen utanfor sentrum med høg bakterievekst grunna at utsleppet er så nær. Det kan løysast ved å flytte RA1 til ein ny reinsestasjon lengre vest i Æhammarsvika, noko som blir belyst i strategi 1a. Ved å flytte RA1 frigjer ein areal med sentrumskvalitetar og ein får utsleppet vekk ifrå Geilneset og vågen. Ein unngår då eit bygg med reinseanlegg nært barnehage, skule og busetnad. Geilneset kan då opparbeidast til å bli eit friområde med badestrand midt i sentrum.

Befolkninga i Langevåg reknar ein med skal fordoblast i løpet av 30 år. Å ruste opp RA1 held mål no når ein snakkar om å tilfredstille primærreinsekravet, men når det kjem krav om strengare reinsing, vil ikkje det eksisterande bygget i Geilneset være stort nok. Sanerer vi reinseanlegget på Geilneset, bygg ein pumpestasjon der og etablerer eit nytt reinseanlegg i Æhammarsvika vil ein ta omsyn til ny befolkningsvekst som mest sannsynleg vil kome vest for Rotene og utover. Då kan ein etablere ei sjølvfallsleidning heile vegen ut til Æhammarsvika og ein slepp å gå via ein pumpestasjon i sentrum. Utsleppsleidninga som vil bli lagt ut på større djupne i samband med strategi 1, kan ved bygging av eit nytt reinseanlegg i Æhammarsvika på eit seinare tidspunkt kunne nyttast som pumpeleidning dit. Ei løysing med å flytte RA1 og utbetre RA2 vil koste anslagsvis 4,38 millionar kroner i årlege utgifter.

Strategi 4 inneber å overføre U2 til Storfjorden og utbetre RA1. Strategi 4 gjer at ein er føre var og unngår å måtte utbetre tre pumpestasjonar istadenfor to (RA1 og RA14) ved krav om sekundærreinsing seinare. Fleire pumpestasjonar i overføringssystemet mellom U2 og U4 fører til at partiklane blir meir malt opp og vanskelegare å sile ut, men det lar seg løyse reint teknisk med å installere finare siler i reinseanlegget på Sunde (RA14). Samtidig løyser ein problematikken rundt brukarinteressene som er sårbare ved driftstans og drift med reint overlaup frå RA2. Ei løysing med å utbetre RA1 og overføre U2 til Storfjorden vil koste anslagsvis 4,97 millionar kroner i årlege utgifter. Ei løysing med å flytte RA1 og overføre U2 til Storfjorden vil koste anslagsvis 5,9 millionar kroner i årlege utgifter.

Ved å fokusere på separering av leidningsnettet og sanering av direkteutslepp rundt Veddevika for å få abonnentane tilknytt RA2, meiner vi det vil forbetre situasjonen mykje i samband med utslepp U2. Ved val av strategi 1 bør det arbeidet ha høgste prioritet. Tilstanden rundt RA1 og RA2 vil bli langt betre enn i dag (og tilstanden under resipientundersøkingane i 2004), med nye silanlegg som oppfyller primærreinsekrav og alternativet med utsleppsleidningar i djupare lag (jf. delrapport leidningsanlegg). Utbygging av RA4 (Sunde) er med i alle strategiane. For RA4 kan ein kanskje tenke å bygge stort nok for framtidige reinsekrav evt. tenke moglegheiter for tilbygg. Levetida for eit silanlegg er sett til 15 år.

Administrasjonen har etter en kost/nytte vurdering konkludert med at Sula Kommune bør legge strategi 1 til grunn for det vidare arbeidet med avløpshandtering. Dersom kommunestyret går for ein strategi der RA2 utgår, rår ein til at ein går for strategi 4.

K-039/12 Vedtak:

«Kommunestyret godkjenner strategi 4 som grunnlag for ferdigstilling av kommunedelplan for avløp. Strategi 4 inneber at ein ruster opp eksisterande reinseanlegg RA1 i Langevåg og forlenger utsleppsleidningen til nordaust for Æhammarsvika, overfører U2 til nytt reinseanlegg RA14 ved Sunde og etablerer slamavskiljar ved U3 Eikrem og U11 Sulebust. Det er viktig at arbeidet med tilkopling til avløpsleidning held fram slik som skissert i planen. Det er viktig å ta omsyn til vanndirektivet sine krav til miljøtilstand og til fiskeindustrien ved prioritering av stader for sanering.

Realisering av tiltaka i planen vert å drøfte og vedta i samband med årleg behandling av budsjett og aktivitetsplanar.

På same måte vil detaljar rundt lokalisering av einskilde tiltak kunne drøftast i eigne saker».

K-sak 2013-046, kommunedelplan avløp, plassering av reinseanlegg Sunde

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Saksopplysningar

Då Kommunestyret har vedteke at detaljar rundt lokalisering av einskilde tiltak kan drøftast i eigne saker, har administrasjonen no sett på ulike plasseringar av eit reinseanlegg RA14 på Sunde. Lokalisering av reinseanlegget må være på plass for at ein kan søke om utsleppsløyve og for den vidare saksgang.

Vurdering (utsnitt)

I området Sunde er det tre stader som er vurdert for ei framtidig plassering av RA14:

  • Olamyra mot aust (alt.1).
  • Ved Solavågen ferjekai (alt.2).
  • Høghaugen mot vest (alt.3).

Alle tre områdene er grundig beskrevet i saksframlegget.

Administrasjonen har etter ei kost/nytte vurdering konkludert med at Sula kommune bør leggje alternativ 1 Olamyra til grunn for plassering av RA14.

K-046/13 Vedtak:

Sula kommunestyre ber om å få vurdert alternativ lokalisering i Eikremsområdet, før ein tek endelig stilling til plassering av RA 14.

K-sak 2013-078, kommunedelplan avløp, plassering av reinseanlegg Sunde

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Nye opplysningar i saka:

Alternativ lokalisering i Eikremsområdet for nytt reinseanlegg er utgreia i nytt vedlegg til saka. I det same notatet er kostnadskonsekvens for oppgradering frå primærrensing til sekundærrensing utgreia.

Ut ifrå ei kost/nytte vurdering er rådmanns innstilling uendra.

K-078/13 Vedtak:

«Kommunestyret godkjenner alternativ 1 Olamyra, for plassering av nytt reinseanlegg».

K-sak 2016-025 vedtak om å utgreie samarbeid med Ålesund kommune

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

Bakgrunn for saka er anmoding frå Ålesund kommune i brev datert 19. februar 2016 (LINK) om å sjå på mogligheita for å bygge felles avlaupsrenseanlegg.

Saksopplysningar:

Sula kommune har gjort vedtak om å bygge avlaupsrenseanlegg på Sunde i samsvar med vedtak i sak K-039/12. Det er vidare gjort vedtak om plassering av avlaupsrenseanlegg på Sunde og planprosess med sikte på detaljregulering av området er varsla.

Vurdering:

Rådmannen legg til grunn at anmoding frå Ålesund kommmune om å sjå på mogleigheita for å bygge felles avlaupsrenseanlegg bør følgjast opp. I hovudsak vert dette grunngjeve med miljøomsyn ved at Storfjorden er vurdert som den mest egna resipienten og at samarbeid kan gje økonomiske fordelar i høve investering og drift. Sula og Ålesund har begge interesse av å betre vannkvaliteten i felles fjordbasseng som Borgundfjorden.

K-025/16 Vedtak:

«Sula kommunestyre er positiv til å utgreie bygging av felles avlaupsrenseanlegg med Ålesund kommune og ber Rådmannen legge fram nærmare orientering om praktiske og økonomiske konsekvensar snarast råd. Sula kommunestyre legg til grunn vedteken strategi ikommunedelplan for avlaup sak K-039/12.

Det må lagast nye kalkylar for dei ulike alternativa, då dette også kan påverke kva alternativ som kjem best ut».

K-sak 2016-109, kommunedelplan avløp, vedtak om å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

Det vart i sak K-025/16 vedteke at Sula og Ålesund kommune skal utgreie bygging av felles avlaupsrenseanlegg. Sula kommunestyre ber Rådmannen om å leggje fram nærmare orientering om praktiske og økonomiske konsekvensar.

Saksopplysningar:

Sula kommune har gjort vedtak om å bygge avlaupsrenseanlegg på Sunde i samsvar med vedtak i sak K-039/12. Det er vidare gjort vedtak i sak K-025/16 om å utgreie bygging av felles avlaupsrenseanlegg med Ålesund kommune på Sunde. Etter vedtak K-025/16 bestilte Sula og Ålesund kommune eit forprosjekt/skisseprosjekt med Norconsult AS.

Vurdering:

Vurderingen frå administrasjonen si side fell saman med samandraget utarbeidd av konsulenten; Utredning /forprosjekt felles renseanlæg". (PDF, 5 MB)

K-109/16 Vedtak:

«2Sula kommunestyre vedtek å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles reinseanlegg på Sunde og vel alternativ C som reinseteknikk for å kunne byggje eit anlegg med sekundærreinsing.

Sula kommunestyre ber administrasjonen følgje opp ved å planlegge overføringsanlegg for handsaming av alt kommunalt avlaupsvatn på eit enkelt reinseanlegg lokalisert på Sunde.

Vedteken strategi i sak K-039/12 vert å justere i samsvar med ei løysing tufta på å samle alt kommunalt avlaupsvatn for handsaming på eit reinseanlegg lokalisert på Sunde».

K-sak 2017-086, framdriftsplan for realisering av avlaupsanlegg for Sula kommune

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

Sula kommune har i dag direkte utslipp av kommunalt avløpsvann frå tettbebygd område underlagt krav om rensing etter Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 14. Frist for å etablere rensing var i utgangspunktet 31.desember 2008, men med opning for at fylkesmannen kunne utsette fristen til 31. desember 2015. Første trinn i prosess med etablering av rensing er å innhente utslippsløyve. Sula kommune har sendt søknad om utslippsløyve til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men handsaminga er ikkje ferdig ut frå manglande informasjon om reguleringsstatus for område sett av til renseanlegg. Sula kommune har starta utgreiing av felles renseanlegg med Ålesund kommune og adminstrasjonen tek sikte på å legge fram sak om realisering av slikt anlegg i januar/februar 2018.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal kalla Sula kommune inn til møte 25. oktober angåande manglande overholdelse av rensekrav og bad i forkant om å få tilsendt ein tidfesta framdriftsplan. Møtet med fylkesmannen 25. oktober er gjennomført og adminstrasjonen legg i denne saka fram forslag til framdriftsplan som vart drøfta med fylkesmannen.

Saksopplysningar (utsnitt):

Sula kommune har søkt om utslippsløyve 25. mars 2013. Informasjon om endra planar for lokalisering av renseanlegg er ettersendt til fylkesmannen i samsvar med vedtak i sak K-109/16.

Sula kommune har ikkje sendt inn informasjon om planstatus for aktuell lokalisering av renseanlegg på bakgrunn av at det ikkje er gjort endelig vedtak om å bygge felles renseanlegg med Ålesund kommune.  Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) er tilgjengelig på nettside til Lovdata (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-06-01-931/*#*).

K-086/17 Vedtak:

«Sula kommunestyre viser til vedtak i sak K-109/16 om utgreiing av felles avlaupsrenseanlegg med Ålesund kommune og legg til grunn følgjande tidfesta framdriftsplan for å møte krav om rensing av kommunalt avlaup etter Forskrift om begrensning av forurensning(forurensningsforskriften) kapittel 14».

 

Klikk for stort bilete 

K-sak 2017-087, midlertidig reinseløysing Sunde U4

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

For å kunne gjennomføre delmåla i kommunedelplan for avløp vedtatt i 2012, er Sula kommune avhengig av eit utsleppsløyve for våre utslepp som fylkesmannen er myndigheitfor. Dette gjeld U1 Langevåg, U2 Fiskarstrand og U4 Sunde.

Sula kommune søkte om eit slikt løyve i mars 2013, men utsleppsløyvet er ikkje gitt fordi kommunen ikkje har på plass ei endeleg plassering av eit reinseanlegg med regulert tomt.

Då fristen for å overhalde reinsekrava i kap. 14 gjekk ut 31.12.2015, er fylkesmannen klar på at eit midlertidig tiltak på utslepp U4 Sunde er naudsynt.

Administrasjonen var i møte med fylkesmannen 3.11.17, og i møtet vart det stilt krav om å sette ned slamavskiljar på U4 som eit minstekrav fram til nytt reinseanlegg er ferdig.

Saksopplysningar:

Då dette er ei midlertidig løysing ser vi utifrå eit kost/nytte perspektiv at det kan være lurt å plassere to slamavskiljarar oppe på bakken med ein rubbhall rundt.

Administrasjonen ser også for seg at delar av anlegget kan brukast opp igjen for å nå andre delmål i kommunedelplan for avløp.

Eit overslag over kostnader basert på budsjettprisar på teknisk anlegg er satt til inntil kr. 3 000 000.

Administrasjonen tek atterhald mot at ein byggesøknad vert godkjent.

Vurdering:

For å stette krava satt av fylkesmannen tilrår administrasjonen å vedta midlertidig reinsing på U4 Sunde i form av slamavskiljar.

K-087/17 Vedtak:

«Kommunestyret ber administrasjonen fremskaffe prisoverslag på alternativ beliggenhet øst for planlagt beliggenhet og ber om at saken kjem tilbake til kommunestyret for endelig vedtak».

K-sak 2018-014 Innbyggjarforslag – utgreiing av alternativ plassering for framtidig kloakkrenseanlegg

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Om forslaget – utgreiing av plassering på ytre del av Sula

Som i alle andre saker må kommunestyret sjølv avgjere om det meiner saka er tilstrekkeleg utgreidd. Dersom kommunestyret ønskjer å følgje innbyggjarforslaget om å utgreie eit nytt alternativ til plassering av reinseanlegg, vil rådmannen kommentere gi følgjande kommentar knytt til konsekvensane av eit slikt vedtak:

I. Utgreiing av andre alternativ enn Sunde og Kvasnes set samarbeidet med Ålesund i fare; Samarbeidet med Ålesund tok utgangspunkt i lokalisering på Sunde, ut frå sine vedtak om å bygge nytt reinseanlegg for Sula kommune her. Ut frå kjennskap til tekniske og økonomiske ulemper knytt til lokalisering av felles anlegg på Sunde vart det likevel vinteren 2017 gjort ei ny vurdering av om andre lokalitetar burde utgreiast. Konklusjonen var at einaste aktuelle alternativ var områda Veibust – Kvasnes.

Det var særleg vektlagt tre fordelar ved eit samarbeid om felles avlaupsrenseanlegg med Ålesund:

  1. Eit felles anlegg som skal handsame stort volum vil kunne forsvare investering i fjellbasert reinseanlegg. Fordelane med eit fjellbasert anlegg er mellom anna:
    • Anlegget opptar ikkje areal som kan nyttast til andre samfunnsnyttige formål
    • Anlegget vil ikkje verke estetisk skjemmande
    • Anlegget vil gje best kontroll med miljøfaktorar som lukt og støy
  2. Eit felles anlegg legg til rette for investering i betre reinseprosess (sekundærrensing). Fjordane som er aktuelle er definert som mindre følsomme og opnar i utgangspunktet for å kunne søke dispensasjon frå krav om sekundærreinsing. Ålesund kommune har fått innvilga slik dispensasjon og legg inntil vidare opp til primærrensing på anlegga som er i drift i dag. Sula kommune planla nytt reinseanlegg for områda omfatta av kapittel 14 i forurensingsforskrifta på Sunde, eit anlegg som i utgangspunktet kan få dispensasjon frå krav om sekundærrensing. I begge skisseprosjekta for felles reinseanlegg, Sunde og Kvasnes, vert det tilrådd å investere i sekundærrensing.
  3. Eit felles anlegg legg til rette for å nytte den best egna resipienten i regionen – Storfjorden/Sulafjorden. Miljøtilstanden for dei felles fjordane mellom Ålesund og Sula er ikkje god. Samarbeid om ei felles løysing er enklaste og mest effektive veg for å nå god miljøtilstand. Det er sjølvsagt ein føresetnad at nytt felles reinseanlegg som nytter Storfjorden/Sulafjorden vert planlagt med god nok reinsing til ikkje å påverke miljøtilstand. Utgreiingar og vurderingar som er gjort for Storfjorden og Sulafjorden støtter opp om at miljøtilstanden ikkje vert forringa.

II. Utgreiing av andre alternativ enn Sunde og Kvasnes aukar faren for pålegg om midlertidige tiltak på eksisterande reinseanlegg på Sula (RA1 og RA2). Frist for å møte reinsekrav var 31.12.2015. Sula kommune har vedteke midlertidig tiltak på Sunde for å rydde opp i eksisterande direkteutslepp. Kostnad er estimert til 3 millionar kroner. Tiltak for å møte gjeldande reinsekrav på RA1 og RA2 vil langt på veg være lik kostnad med å bygge nye anlegg. Det vert vurdert som vanskelig å forsvare investering i midlertidige tiltak i storleiken 30 – 40 millionar samtidig med investering i nytt felles anlegg til om lag 60 millionar.

I tillegg til dei overordna punkta vert det vurdert som vesentlige fordelar med eit felles reinseanlegg i høve drift. Eit større anlegg vil være meir rasjonelt å drifte og vedlikehalde enn fleire små. Det vert og vurdert som gunstig i høve overvaking og prøvetaking. Ved eventuelle nye skjerpa krav vil oppgradering være knytt til eitt anlegg i staden for fleire små og mellomstore.

Oppsummert kan det seiiast at samarbeid om eit felles renseanlegg har som føresetnad lokalisering langs aksen Kvasnes – Sunde. Eit samarbeid vil legge til rette for fordelar i høve miljøtilstand for fjordane i regionen. Reint økonomisk vil eit samarbeid være positivt med tanke på investering og påfølgjande drift. Motsett vil nye utgreiingar og avvikling av samarbeid legge til rette for at dagens struktur av reinseanlegg vidareførast og at fjordane ikkje vert reinare enn i dag.

Vurdering:

Arbeidet med avløpsplan for Sula kommune, her under også plassering av sjølve reinseanlegget, er basert på ei heilskapleg vurdering av kva som er den beste løysinga for Sula kommune og for miljøet. Å starte opp ei fullverdig utgreiing av eit nytt alternativ, slik det vert foreslått i innbyggjarforslaget, inneber ein betydeleg risiko for å ende opp med eit dyrare alternativ, som ikkje er betre for miljøet. Rådmannen rår derfor til at forslaget om «å utgreie alternativ plassering av framtidig kloakkreinseanlegg på ytre del av Sula, vekk frå busetnad, med utslepp så langt ut mot/i havet som mogleg» ikkje vert vedtatt.

K-014/18 Vedtak:

«Sula kommunestyre viser til innbyggjarforslag frå Silje Aarflot om utgreiing av alternativ plassering av framtidig avlaupsreinseanlegg.

Spørsmålet om lokalisering og bygging av reinseanlegg er under utgreiing i administrasjonen no, og rådmannen har varsla at saka skal opp til behandling i kommunestyret 3.mai 2018. Kommunestyret legg til grunn at rådmannen sitt forslag til lokalisering og vidare prosess vil vere tufta på ei heilskapleg vurdering av kva som er den beste løysinga frå Sula kommune.

Kommunestyret viser derfor til saka som er under utgreiing, og at spørsmålet om lokalisering og vidare prosess for etablering av reinseanlegg vil bli behandla politisk innan kort tid.

Sula kommunestyre ber i tillegg om at følgande vert utgreidd fram mot sak 3. mai 2018:

  1. Det manglar analyse av straumforholda i Flisfjorden/Kvasnes. Dette må utgreiast nærmare i saka.
  2. Det vart på folkemøtet på Sula u.skule gjort greie for luktproblem som kan oppstå som følge av ei etablering av kloakkrenseanlegg på Kvasnes. Dette må utgreiast nærmare i saka og relevant erfaring frå andre liknande anlegg vert kommentert inn i saka.
  3. Det vart i folkemøtet på Sula u.skule hevda ifølge NVE sint aktsomheitskart, at det kan vere rasfare der den planlagte fjellhallen blir sprengt inn. Dette må utgreiast nærmere i saka.
  4. Ved ei etablering av kloakkrenseanlegget må planlagt kommunal veg til fjellhallen oppgraderast/byggast ifølge vegnorm for Sula kommune.
  5. Ved et evt. Samarbeid, så må Avtale med Ålesund kommune, investeringsavtale, driftsavtale og eierskapsform foreligge.
  6. saka må gi oss klarhet i hvilke utslipp Ålesund kommune kommer til å forsette med, utenom samarbeidet, (ref. Hessa og Flisnes) – og hvilke utviklingsplaner det er for disse.
  7. rådmannen må vurdere forankring av prosessen i forhold til gjeldende plan, og alternativet med fjellanlegg i samarbeid med Ålesund må være en del av en ny kloakk ramme plan, og gi oss et tidsperspektiv på dette. i tillegg bør det opplyses til fylkesmannen om dette, ref. Brev vi har fått PR Mail. Og vi må få vite hvordan fylkesmannen stiller seg til endret tidsplan.
  8. saka må inneholde status og tidsramme vedrørende tomtevalg. Hvilke alternativ gir hvilke kostander og hvilke tidsrammer. Hvilke alternativ krever regulering, er tomteområder er eid av kommunen, og hvilke kostnader evt. tomtekjøp/ ekspropiasjon vil medføre.
  9. til hver enkelt alternativ må det foreligge hva dette vil si for sine nnbyggerene sitt VAR abonement. I Sula kommune.i saka vedrørende Andre lokasjoner – så må det i alle alternativ vært gitt godkjent
  10. avkjøringsløyve fra gjeldende vegmynde."

 

K-sak 2018-015 Interpellasjon frå Miljøpartiet Dei Grøne

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

22.03.2018 Kommunestyret

Interpellanten Håvard V. Lien (MDG) sette fram interpellasjonen, og bad om at ordlyden i forslaget vart endra som følgjer:

"Dersom ein inngår samarbeid med Ålesund kommune om felles reinseanlegg skal det igangsetjast ei grundig utgreiing som tek for seg alternative plasseringar i kommunen. Utgreiinga skal vere basert på minimal miljøpåverknad i sjø, luft og lokalmiljø samt samfunnsøkonomi, og skal utførast av eit eksternt konsulentfirma.”

Ordføraren svarte på interpellasjonen.

Kommunestyret motsette seg ikkje å realitetsbehandle forslaget.

3 stemte for interpellante, 26 stemte mot, og forslaget falt.

K-015/18 Vedtak:

«Kommunestyret tok interpellasjonen til vitande».

K-sak 2018-026, samarbeid med Ålesund eller eige anlegg for Sula

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

Sula kommune må etablere reinsing av kommunalt avlaupsvatn i samsvar med Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 14 for område omfatta avtettstaden Ålesund. Frist for etablering av slik reinsing var i utgangspunktet 31.12.2015 etter forurensningsforskriftens § 14-17.

Sula kommune har gjennom fleire år arbeidd med realisering av reinsing av kommunalt avlaupsvatn for å møte lovkrav. Arbeidet har gått stegvis frå rullering av kommunedelplan for avlaup i 2012, utgreiing av alternativ lokalisering av reinseanlegg på Eikrem i 2013, planlegging av overføringsleidningar i perioden 2013 – 2016, oppstart av regulering og utarbeiding av skisseprosjekt for eit reinseanlegg for Sula på Sunde i 2016 til utgreiing av felles reinseanlegg med Ålesund kommune i 2016 og 2017.

Administrasjonen legg i denne saka fram si tilråding for å møte krav om reinsing ut ved etablering av felles anlegg med Ålesund kommune som hovudval. Ålesund bystyre skal handsame sak om bygging av felles reinseanlegg på møte 3 mai.

Vurdering:

Vurderinga tek utgangspunkt i vedtak om å fortsette utgreiing av felles avlaupsreinseanlegg med Ålesund kommune. Saka skal gje grunnlag for å ta endelig avgjerd i høve spørsmålet om Sula kommune skal fortsette samarbeidet med Ålesund kommune og bygge felles reinseanlegg.

Utgreiingane som er gjort til no er på eit overordna nivå og omhandlar følgjande:

  • vurdering og tilråding om val av resipient for reinsa avlaupsvatn
  • avklaring i høve om forholda ligg til rette for å bygge eit fjellhallbasert reinseanlegg
  • vurdering og forslag til løysing for overføring av avlaupsvatn frå Ålesund og Sula til felles reinseanlegg
  • kostnadskalkyle ut frå skisseprosjekt og tilråding om reinsemetode

Ved eventuelle positive vedtak i begge kommunane vil prosessen med vidare utgreiing og planlegging fortsette. Hovudelement vidare vil være:

  • avklaring av vidare organisering og etablering av forpliktande avtaler mellom kommunane
  • regulering av tilkomst og areal for å realisere reinseanlegg, prosessen vil krevje konsekvensutgreiingar
  • utarbeiding av endeleg søknad om utsleppsløyve
  • feltmålingar i sjø med sikte på detaljprosjektering av utsleppsledning
  • detaljprosjektering av reinseanlegg og overføringsleidningar
  • gjennomføring av konkurranse om bygging av anlegg
  • byggefase

Det er viktig å merke seg at desse delprosessane er avhengig av val av lokalisering. Administrasjonen ser det som naudsynt med fleire politiske vedtak før eit eventuelt felles reinseanlegg er ferdig og i drift.

Saka er samansett og vurderinga er difor sett opp med følgjande deler:

  1. Oversikt og miljøtilstand på aktuelle mottakarar av reinsa avlaupsvatn
    • Forprosjekt for Sunde og Kvasneset
    • Oversikt over resipientvurderingar
    • Modell for luktspreiing frå skissert anlegg på Kvasnes
    • Krav om utgreiing frå Sula kommunestyre, 22.3.18
    • Oppsummering

K-026/18 Vedtak:

«Sula kommunestyre vedtek å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles fjellanlegg på Kvasnes med sekundærrensing. Dette ut frå både miljømessige og økonomiske omsyn».

P-sak 2018-071 Oppstart av planprosess - Kloakkrenseanlegg Kvasnes

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

Det vart i K-sak 026/18 vedteke å gå vidare med samarbeid om eit felles reinseanlegg for avlaup mellom Sula og Ålesund kommuner.

Den 9. mai 2018 vart det halde eit felles samrådingsmøte mellom representatar frå administrasjonen i begge kommuner for å legge til rette og planlegge vidare saksgang.

Saksopplysningar:

For å rekke fristen satt av Fylkesmannen den 1.12.18 for ein komplett søknad om utsleppsløyve, er det naudsynt å få starta opp med planprosessen snarast mogleg.

Vurdering:

Rådmannen vurderer på grunnlag av brev frå fylkesmannens miljøvernavdeling at det er nødvendig å starte planprosess for regulering av areal til framtidig avlaupsrenseanlegg for avlaup omfatta av kapittel 14 i forurensingsforskrifta snarast råd. Fylksemannen har varsla at pålegg og sanksjonar vil verte vurdert om ikkje Sula kommune leverer fullstendig søknad om utslippsløyve innan 1. desember 2018.

Rådmannen ser det vidare som naturleg at administrasjonen vert delegert mynde til å førebu planprosessen. Ut frå omfang, administrativ kapasitet og tilgjengelig tid vert det vurdert som nødvendig å leige inn eksterne eksternt firma til å bistå administrasjonen.

P-071/18, vedtak:

«Det faste utvalet for plansaker vedtek å sette i gang planprosessen for eit felles reinseanlegg for avlaup omfatta av kapittel 14 i forurensningsforskrifta på Kvasnes med heimel i Plan og bygningslova § 12-8. Gjennomføring av førebuing av oppstart av planprosess vert delegert til rådmannen. Avgrensing av planområdet skal handsamast av det faste utvalet for plansaker i eiga sak».

 

P-sak 2018-099 Varsling av planarbeid for felles avløpsrenseanlegg på Kvasnes

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Rådmannen si innstilling:

Med grunnlag i vedtak K-026/18 om å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles avlaupsrenseanlegg og heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vedtek det faste utvalet for plansaker å varsle oppstart av regulering av areal til fjellbasert avlaupsrenseanlegg med tilhøyrande infrastruktur. Mynde til å gjennomføre varsling i samsvar med vedlagt forslag til varslingstekst og planavgrensing vert delegert til rådmannen.

Vurdering:

Administrasjonen har i samråd med Norconsult AS utarbeidd forslag til varslingstekst og avgrensing av planområde. Forslag til varslingstekst og avgrensing ligg som vedlegg i saka.

Varslingsteksten er sett opp med grunnlag i plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiing. Det er gjort ei vurdering i høve behov for planprogram og konkludert med at det ikkje er naudsynt eller tenelig for planprosessen. I høve konsekvensutgreiing er det konkludert med at følgjande verknadar bør utgreiast:

  • Forureining av luft inkl. luktproblematikk
  • Forureining av sjø i anleggs- og driftsfase inkl. vurderingar knytt til Vannforskrifta
  • Støyvurderingar i samsvar med Retningslinje for behandling av støy i arealplanleggingen – T1442
  • Trafikktilhøve i anleggs- og driftsfasen
  • Grunnforhold og skredfare
  • Kulturarv
  • Naturmangfald
  • Samfunnsmessige verknadar

Administrasjonen legg opp til ein planprosess med gode muligheiter for medverknad og til å gje innspel. I tillegg til å gje skriftlege innspel vert det lagt til rette for å kunne møte representantar frå Sula kommune og Norconsult AS.

Administrasjonen tilrår å varsle oppstart av planarbeid med grunnlag i vedlagt varslingstekst og planavgrensing.

 

P-099/18 Vedtak:

«Med grunnlag i vedtak K-026/18 om å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles avlaupsrenseanlegg og heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vedtek det faste utvalet for plansaker å varsle oppstart av regulering av areal til fjellbasert avlaupsrenseanlegg med tilhøyrande infrastruktur, med slik justering;

- Planområdet skal utvidast mot vest for å legge til rette for ein mogleg framtidig turstitrase mellom Kvasnes og Sunde.

Mynde til å gjennomføre varsling i samsvar med vedlagt forslag til varslingstekst og planavgrensing vert delegert til rådmannen».

K-sak 2018-027, Sunde – midlertidig reinseløysing

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Bakgrunn for saka:

For å kunne gjennomføre delmåla i kommunedelplan for avløp vedtatt i 2012, er Sula kommune avhengig av eit utsleppsløyve for våre utslepp som fylkesmannen er myndigheit for. Dette gjeld U1 Langevåg, U2 Fiskarstrand og U4 Sunde.

Sula kommune søkte om eit slikt løyve i mars 2013, men utsleppsløyvet er ikkje gitt fordi kommunen ikkje har på plass ei endeleg plassering av eit reinseanlegg med regulert tomt.

Då fristen for å overhalde reinsekrava i kap. 14 gjekk ut 31.12.2015, er fylkesmannen klar på at eit midlertidig tiltak på utslepp U4 Sunde er naudsynt.

Administrasjonen var i møte med fylkesmannen 3.11.17, og i møtet vart det stilt krav om å sette ned slamavskiljar på U4 som eit minstekrav fram til nytt reinseanlegg er ferdig.

K-027/18 Vedtak:

«Sula kommunestyre vedtek å bygge midlertidig anlegg for reinsing av avlaup på Sunde. Midlertidig anlegg for reinsing skal plasserast på kommunal eigedom Gnr. 63 Bnr. 108 i det skraverte området i kartvedlegg i saka. Tiltaket vert å finansiere over rammeløyving for avlaup for 2018».

K-sak 2019-024 Avtale om kostnadsfordeling, planlegging

Her finn du heile saksframlegget, under finn du eit samandrag.

Rådmannen si innstilling:

Sula kommunestyre godkjenner forslag til mellombels avtale om kostnadsfordeling med Ålesund kommune for utgifter til planlegging av felles avløpsrenseanlegg på Kvasnes i Sula kommune.

K- 024/19 Vedtak:

«Sula kommunestyre godkjenner forslag til mellombels avtale om kostnadsfordeling med Ålesund kommune for utgifter til planlegging av felles avløpsrenseanlegg på Kvasnes i Sula kommune, med følgjande endring; Punkt 3.1., andre strekpunkt skal lyde;»

 

Tidlegare undersøkingar, miljø- og resipientanalyser

GeoPhysix AS har april 2019 utført refraksjonsseismiske undersøkingar på Kvasnes. Terrenget ble registrert mellom kote 6 og 96 langs 8 profilar. Det blei registrert 0-3 meter lausmasse i profilane, fjelloverflata følger stort sett terrengoverflata.

Det blei utført supplerande undersøkingar med prøvegraving i eit mindre område for å registrere lausmassane. Undersøkingar viste her vesentleg tjukkare lag med lausmasse før ein kom til fjell.

Miljø- og resipientanalyser

Skisseprosjekt 2016-2017
Kva er ein reguleringsplan og korleis er prosessen?

Nedanfor finn du litt informasjon om gangen i ein planprosess, korleis ein reguleringsplan blir til, når du i prosessen du kan komme med innspel, og kva rettar du har til å klage på ein eventuell plan.