Sula kommune

Oppstart av Rørstadmarka skule

I samband med oppstart av Rørstadmarka skule ønsker vi å komme med ein kort informasjon rundt arbeidet som vil pågå i prosjektet si startfase.

Onsdag 28.10. vil maskiner bli flytta til anlegget.

Torsdag 29.10. startar tilrigging i form av plassering av lettbrakke. (Lettbrakke er planlagt plassert ved innkøyringa til byggetomta.) Det vi også bli starta med trauing (fjerning av jordlag) for klargjering til sprenging av veg inn i tomta.

Første salve for sprenging er forventa å gå av måndag/tysdag i veke 45.

I forkant av sprenging vil grunnentreprenør kontakte dei bebuarane som har bustad nærmast byggetomta for å avtale tidspunkt for montasje av rystelsesmålarar og kartlegging av husa sin tilstand. Dette vil bli utført i løpet av veke 44.