Det kommunale plansystemet

Kommunale planar er politiske styringsdokument som seier i kva retning Sula kommune skal utvikle seg.

Det kommunale plansystemet

 

Den juridiske heimelen for planarbeidet ligg i plan- og bygningslova. Generell informasjon om planlegging etter plan- og bygningsloven  finn du her.

Kommunen lagar også ulike planar som ikkje er heimla i plan- og bygningslova, men som tek utgangspunkt i eit tema eller tenesteområde, til dømes trafikktryggingsplan.

Økonomiplan, årsbudsjett og rekneskap er og ein del av plansystemet i kommunen.

Kommuneplanen

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet og skal vere førande for utviklinga i  kommunen. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel.

Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Den bør innehalde ei skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere grunnlag for planane til sektorane og verksemder i kommunen. Planen skal gje retningslinjer for korleis eigne mål og strategiar skal gjennomførast i kommunal verksemd og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.

Arealdelen skal visa samanhengen mellom samfunnsutviklinga som vert behandla i samfunnsdelen og kva for utslag og behov dette gjev for arealbruken, og korleis areala samla sett bør disponerast for å løyse oppgåver og behov som vert avklart i samfunnsdelen. Ein samla arealplan er naudsynt  for å sikra ein planmessig og forsvarleg arealutnytting.

Kommunedelplan – tema

Kommunedelplaner for tema eller verksemdområde skal ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande år eller meir. Handlingsdelen skal reviderast årleg. Måf ølgje prosesskrav i plan- og bygningslova.

Tema-/Sektorplaner

Sektorplan/temaplan er ein plan for eit fagområde eller eit tema innanfor eit fagområde. Utarbeiding av slike planar treng ikkje å følgje prosesskrav i plan- og bygningslova.

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er eit juridisk dokument som fortel korleis eit areal kan nyttast og evt. byggast. Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige.

Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og ei beskriving.

Reguleringsplan kan utarbeidast som  områderegulering for eit større område, eller som ein detaljregulering for mindre område.

Økonomiplanen

Økonomiplan er saman med årsbudsjett det viktigaste styringsdokumentet for kommunen som organisasjon. Økonomiplanen skildrar framskriving av kommunen sine forventa inntekter og utgifter knytt til drift. Investeringsbudsjettet viser planlagde investeringar og korleis dei er tenkt finansiert.