Kommunal planstrategi
Skal vedtakast kvar valperiode innan eit år etter at nytt kommunestyre er konstituert. Dette er ikkje en plan, men eit oversyn over kommunen sine planar og styringsdokument, med ei vurdering og prioritering av kva planarbeid ein må bruke ressursar på i løpet av fireårsperioden.
Samfunnsdelen
Skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Den bør innehalda ei skildring og vurdering av alternative strategiar for utviklinga i kommunen.
Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere grunnlag for planane til sektorane og verksemder i kommunen. Planen skal gje retningslinjer for korleis eigne mål til kommunen og strategiar skal gjennomførast og ved medverknad frå andre offentlege organ og private.
Arealdelen
Skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga, som er behandla i samfunnsdelen, og kva for utslag og behov dette gjev for arealbruken. Arealdelen skal også vise korleis areala samla sett bør disponerast for å løysa oppgåver og behov som er avklart i samfunnsdelen. Ein samla arealplan er naudsynt for å sikra ein planmessig og forsvarleg arealutnytting.
Gjeldande plan for 2015 - 2025