Fagutvalet for oppvekst

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for fagutvalet for oppvekst.

Fagutvalet for oppvekst har følgjande saksområde:

  • grunnskuleopplæring, vaksenopplæring og norsk for vaksne innvandrarar
  • barnehage
  • tiltakseining for barn og unge med tenesteområda pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern og helsestasjon.

Fagutvalet er også klagenemnd for barnehageopptak.

Fagutvalet pliktar å gjere heilskaplege politiske vurderingar og har totalansvar for forvaltning og drift innanfor sitt ansvarsområde. Utvalet behandlar dei sakene innanfor sitt arbeidsområde som det ikkje ligg til kommunestyret sjølv eller formannskapet å avgjere.

Mynde går fram av punkt 5.3 i del B av kommunen sitt delegeringsreglement. 

Det er vedtatt eige møtereglement for fagutvala. 

Kontakt

Hildegunn Pedersen
Kommunalsjef kultur og oppvekst
E-post
Telefon 95 25 59 64