Fagutvalet for teknisk område
Fagutvalet for teknisk område har følgjande saksområde:
- ansvar for oppfølging av utbyggingsprosjekt og drift av kommunale bygg og infrastruktur knytt til veg (spesielt trafikktryggleik) og VAR (vatn, avløp og renovasjon, etc.).
- tenester innan brannvern og miljøvernberedskap (m.a. forureining), og dessutan
- klima og miljøsaker.
Fagutvalet for teknisk område er også:
- trafikktryggingsnemnd
- plan- og byggenemnd
- klageinstans i høve klager på kommunale gebyr (vatn, avløp, renovasjon, feiing, slam osb).
Fagutvalet pliktar å gjere heilskaplege politiske vurderingar og har totalansvar for forvaltning og drift innanfor sitt ansvarsområde. Utvalet behandlar dei sakene innanfor sitt arbeidsområde som det ikkje ligg til kommunestyret sjølv eller formannskapet å avgjere.
Mynde går fram av punkt 5.2 i del B av kommunen sitt delegeringsreglement.
Det er vedtatt eige møtereglement for fagutvala.
Sist endra 04.02.2022 11.44