Sula kommune

Val 2019

I 2019 skal det haldast kommunestyre- og fylkestingsval. Den offisielle valdagen er måndag 9.september 2019. På denne sida vil du finne informasjon om valet i Sula kommune, samt lenker til sentral informasjon om val og valgjennomføringa i Noreg.

Nyttig informasjon om valet

Val 2019

Offisielle vallister

Kommunestyrevalet 2019 – offisielle vallister 

Valstyret i Sula godkjende i møte 7.mai vallister for følgjande parti/grupper til kommunestyrevalet i Sula 2019:

Valmyndigheitene i Sula kommune

Valstyret er oppretta av kommunestyret og har det formelle ansvaret for gjennomføring av val i Sula kommune. Valstyret opprettar stemmestyre for kvar valkrins, og desse skal administrere gjennomføringa av valet på sjølve valdagen.

Valstyret i Sula 2015-2019 består av følgjande medlemmer frå formannskapet
Valstyret i Sula 2015-2019 består av følgjande medlemmer frå formannskapet
Medlemmar Varamedlemmar
Jim Arve Røssevoll (A), leiar Karoline A. Slinning (A)
Svein Værnes (Krf) Jostein Molvær (Krf)
Vibeke Bjørkavåg (H) Turid K. S. Humlen (H)
Marthe S. Urvik (Frp) Øystein Båtnes (Frp)
Jan Magnar Sandvik (SUL) Lisbeth B. Hareide (SUL)

Sekretariat for valstyret og valansvarlege i administrasjonen er formannskapssekretær Åge Erstad Remvik og Anne Lise Engkrog Salen.

Manntal

For å kunne røyste ved valet må du stå i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019.

Manntalet for Sula kommune blir lagt ut til ettersyn frå første veka i juli til og med 9. september på rådhuset i Langevåg, servicetorget. Oppmøte i vanleg kontortid.  Du kan også ta kontakt med kommunen pr. telefon 70 19 91 00, eller pr. e-post post@sula.kommune.no.

Dersom du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til valstyret i Sula, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Når det gjeld Sametingets valmanntal vil kommunen ta direkte kontakt med dei som står i dette manntalet.

Tidlegrøysting og førehandsrøysting

I perioden frå  1. juli til og med 9. august kan du ta kontakt med kommunen du oppheld deg i for å avtale tid for å røyste - såkalla tidlegrøysting. I Sula skal du kontakte servicetorget på rådhuset i Langevåg, og ordninga gjeld dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære tida for førehandsrøystinga eller på valdagen. Tidlegrøysting skal i hovudsak skje innafor vanleg kontortid for servicetorget kl. 08.00 – 15-30. Hugs legitimasjon!

Den ordinære førehandsrøystinga skjer i perioden frå og med 12. august til og med 7. september (innanriks).

Kontakt

Åge Erstad Remvik
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 70 19 78 32

Adresse

Postadresse

Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?