Sula kommune

Stortings- og sametingsvalet 2021

For å avgrense smitterisiko på grunn av koronapandemien, oppfordrar flest mogleg til å førehandsstemme. Du kan førehandsstemme frå 10. august til 10. september.

Du finn også informasjon om valet på valg.no

 
Stortings- og samtingsvalet 13. september 2021

Har du stemmerett?

For å kunne stemme ved stortingsvalget 2021 må du ha stemmerett og vere innført i manntalet.

Du har stemmerett ved stortingsvalet 2021 dersom oppfyller desse fire kriteria:

  • Er norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
  • Ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.

Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ei kommune. For å kunne stemme må du stå innført i manntalet.

Har du nettopp flytta og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje å stemme der valdagen eller førehandsstemme i Sula.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på Sula rådhus. Dette skjer når det er klart, truleg onsdag 14. juli. Det blir liggande ute til og med valdagen 13. september. Sula rådhus har ordinær opningstid, måndag til fredag kl 0800 – 1530.

Meiner du det er feil i manntalet, kan du ev. sende inn klage til Valstyret, e-post: post@sula.kommune.no

Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg ein gong i løpet av siste 10 år, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå landet.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje di siste bustadkommune om å bli innført i manntalet.

Har du aldri vore folkeregisterført som busett i Noreg, må du søkje til Oslo kommune.

Du kan lese meir om manntalet på valgmedarbeiderportalen sine nettsider.

Legitimasjon og valkort

Du ha med gyldig legitimasjon. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort, nasjonalt ID-kort, bankkort med bilde. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde. Utan gyldig legitimasjon får du dessverre ikkje stemme.

Ved stortingsvalet og sametingsvalet 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Personar som har reservert seg mot digital post frå det offentlege vil framleis få valkortet på papir.

Dersom du har med deg valkortet i vallokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet.

Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet. På valkortet står det også kva valkrets du tilhøyrer slik at det er enkelt for deg å vite kor du skal røyste på valdagen.

Tidlegstemming (1. juli til 9. august)

Dersom du ikkje har moglegheit til å stemme på valdagen eller i den ordinære førehandstemmingsperioden, kan du tidlegstemme frå og med 1. juli til og med 9. august.

Ver vennleg og ta kontakt med servicetorget på tlf 70 19 19 00 for å avtale tidspunkt. Hugs gyldig legitimasjon og valkort. 

Sula rådhus har ordinær opningstid, måndag til fredag kl 08:00 – 15:30.

Du som er i karantene grunna korona, må ta kontakt med servicetorget på tlf 70 19 90 00 for å avtale tidspunkt for førehandsstemming. Du må oppgi at du er i karantene.

Du som er i isolasjon grunna korona, kan ikkje førehandsstemme på rådhuset.

Førehandsstemming (10. august til 10. september)

Den 10. august opnar vi for den ordinære førehandsstemminga. Den varer fram til 10. september. Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsstemme ved årets val, dette for å redusere smitterisiko på grunn av koronapandemien. Vi gjer merksam på at du ikkje kan stemme fleire gongar.

Du kan førehandsstemme på Sula rådhus, Sloghaugvegen 13, Langevåg i ordinær opningstid, måndag – fredag kl 08:00 – 15:30.

Vi har utvida opningstid kl 08:00 – 18:00 følgjande dagar:

  • måndag 30. august
  • tysdag 31. august
  • onsdag 1. september
  • måndag 6. september
  • tysdag 7. september
  • onsdag 8. september

Du som er i karantene grunna korona, må ta kontakt med servicetorget på tlf 70 19 90 00 for å avtale tidspunkt for førehandsstemming.

Du som er i isolasjon grunna korona, kan ikkje førehandsstemme på rådhuset.

Førehandstemme i eigen heim

Dersom du er alvorleg sjuk eller ufør, eller har isolasjonsplikt grunna korona, og ikkje kan førehandsstemme, kan du søkje valsekretariatet om å få stemme heime. Siste frist for å søkje om dette er fredag 10.september kl. 10:00. Ta kontakt med valsekretariatet på tlf 70 19 19 00 eller post@sula.kommune.no

Førehandsstemming i utlandet (frå 1. juli)

Det er muleg å førehandsstemme frå utlandet, på Svalbard eller Jan Mayen frå 1. juli 2021.

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsstemme hos utanriksstasjonar eller oppnemnde stemmemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som å stemme frå utlandet.

Fristen for å stemme er 3. september. På Svalbard eller Jan Mayen er fristen 10. september.

Du kan lese meir om dette på valdirektoratet sine nettsider

Stemming på valdagen

På valdagen måndag 13. september kan du berre stemme i heimkommunen din der du er manntalsført. Har du meldt flytting etter 30. juni 2021 må du stemme i kommunen du flytta frå eller førehandsstemme innan fredag 9. september 2021 kl 15:30.

Har du stemmerett? 

NB! Du må ha gyldig legitimasjon. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort, nasjonalt ID-kort, bankkort med bilde. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde. Har du med valkortet ditt blir du fortare ferdig.

Informasjon til deg som sit i karantene eller isolasjon grunna korona.

Opningstida valdagen 13. september 2021 er kl 10:00 – 21:00. Vi har følgjande tre vallokale, og du kan sjølv velje i kva for eitt du vil avgi di stemme:

  • Fiskarstrand skule
  • Solevågshallen
  • Sulahallen
Val og korona

Det skal vere trygt å avgi stemme. Vi vil derfor sørgje for å ha eit godt smittevern i alle vallokala.

Vi oppfordrar flest muleg til å førehandsstemme, for å avgrense smitterisiko på grunn av koronapandemien.

Førehandstemming

Du som er i karantene grunna korona, må ta kontakt med servicetorget på tlf 70 19 90 00 for å avtale tidspunkt for førehandsstemming. Du kan også søkje valsekretariatet om å få stemme der du oppheld deg.

Velgarar som på grunn av sjukdom, uførheit eller som er i isolasjon grunna korona, kan ikkje førehandsstemme på rådhuset, men kan søkje om å stemme der dei oppheld seg. Det same gjeld velgarar som er i karantene og som ikkje kan førehandsstemme på ordinær måte. Fristen for å søkje om dette er fredag før valgdagen kl. 10:00. Er du i isolasjon grunna korona, kan du gjerne vente med å avgi førehandsstemme til du er ute av isolasjon.

Ta kontakt med servicetorget på tlf 70 19 90 00 for å avtale tid og stad.

Valdagen (valtinget)

Velgarar som er manntalsført i kommunen og som er i karantene grunna korona, kan avgi stemme i eit mellombels stemmelokale.

Ta kontakt med servicetorget på tlf 70 19 90 00 for å avtale tid og stad.

Stemme der ein oppheld seg på valdagen

Velgarar som er manntalsført i kommunen og er i isolasjon grunna korona, skal ikkje møte opp i eit vallokale på valdagen (valtinget), men kan søkje om å få stemme der dei oppheld seg på valdagen (ambulerande stemmemottak). Det same gjeld velgarar som er i karantene og som ikkje kan stemme på ordinær måte. Fristen for å søkje om dette er kl. 10:00 på valdagen.

Ta kontakt med valsekretariatet på tlf 70 19 19 00 eller post@sula.kommune.no

Sametingsvalet

Sametinget er det samiske folket sitt folkevalde parlament i Noreg og er eit sjølvstendig folkevald organ.

Sametingsvalet er kvart fjerde år, på same dagen som stortingsvalet. Sametinget er øvste valmyndigheit til sametingsvalet. Det er 7 valkretsar som dekkjer heile landet, kvar valkrets får tildelt mandat etter tal på manntalsførte i kretsen. Til saman blir det vald 39 representantar frå heile landet.

I Sula er det registrert under 30 personar i samemanntalet, og det er derfor berre høve til å førehandsstemme i perioden 10. august – 10. september 2021.

Du finn mer informasjon om Sametinget og sametingsvalg finner du på sametinget.no.

Vallister

Det er Statsforvaltaren som godkjenner dei offisielle vallistene for valet i Møre og Romsdal.

De finn oversikt over godkjente vallister på Statsforvaltaren sine heimesider.

 

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

 

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30

 

Frode Synnes
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 70 19 78 32