Ved kommunestyreval og fylkestingsval skal listeforslaget vere utfylt i rekkefølge med minimum sju kandidatar. Forslaget kan maksimalt innehalde eit tal på kandidatnamn som samsvarer med det talet på representantar som skal veljast til kommunestyret eller fylkestinget, med eit tillegg av inntil seks andre namn. Dette er heimla i vallova § 6-2, andre ledd.
Vi skal velje 29 medlemmar til kommunestyret i Sula. Vallova regulerer derfor at det skal vere minst 7 og maksimalt 35 namn på listeforslaget.
Dersom ein kandidat ikkje er innført i folkeregisteret som busett i Sula når listeforslaget blir innlevert, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkomande vil vere valbar på valdagen, altså ha flytta til den kommunen lista skal gjelde for. Denne regelen finn du i vallova § 6-4 bokstav c.
Legg merke til følgande: Dersom listeforslaget skal bli levert inn på papir, må det bli skrive ut to-sidig, slik at signaturen til underskrivar 1 og 2 kjem på baksida. Det er ikkje høve til å levere listeforslaget på to adskilte ark.
Ved kommunestyreval kan eit visst antal av dei øvste kandidatane på listeforslaget bli gitt eit stemmetillegg. Kandidatar med stemmetillegg skal stå først på listeforslaget og med utheva skrift.