Tiltakseining for barn og unge


Tiltakseining for barn og unge (TBU) er ei samorganisert teneste som inkluderer fleire tenesteområde. Hovudmålet med organiseringa er å sikre ein meir samla og heilskapleg innsats for å bidra til at oppvekstvilkåra til barn og unge blir så gode som mogleg. Prinsippet om  tidleg og rett innsats og hjelp er overordna.

TBU består av tre tenesteområde som  arbeider etter ulike lovverk og på ulike innsatsnivå. Dei tre tenesteområda samarbeider også om tverrfaglege tiltak som vert koordinert gjennom ein ressursbase. Nokre av dei tverrfaglege tiltaka er SamBa, ICDP, BAPP og FFI.

Tenesteområda i TBU er Barneverntenesta, Pedagogisk psykologisk teneste og Helsestasjonen.  Knytt til PPT er også spesialpedagogar på førskuleområdet., og bufellesskap for einsleg mindreårige flyktningar (EMF). TBU samarbeider med andre kommunale tenester, som rehabiliteringstenesta, koordinerande eining, kommunepsykolog, utekontakten, legetenesta, og  med helsestenester på 2. og 3. linjenivå.

Sula kommune sitt verdigrunnlag er utgangspunkt og rettesnor for vurderingar, val og handlingar i TBU.              

Vår visjon er: Saman vil vi bidra til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar i Sula kommune.                

Målgruppe: Barn, unge og familiar i Sula kommune. Vaksne med behov for grunnskuleopplæring er i tillegg ei målgruppe for PPT.

Organisering: TBU er lagt under Kommunalsjef for kultur og oppvekst sitt ansvarsområde og har eigen einingsleiar. Dei tre tenesteområda har eigne fagleiarar; fagleiar barnevern, fagleiar PPT og fagleiar helsestasjon..

Du finn oss: Barnevern,  PPT og einingsleiar for eininga har lokale i Rådhuset i Langevåg. Helsestasjonen er lokalisert ilag med kommunelegetenesta i Stadsnesvegen 9B. Det blir arbeidd for å samlokalisere tenestaområda i TBU

Årshjulet skildrar tiltak i regi av eininga og kven ein kan kontakte.

Tiltakseining for barn og unge
Aktivitetstilskot 2016.jpg

Alle lag/organisasjonar som har tilbod for barn og unge, kan søke om tilskot frå aktivitetstilskotet (frikort) enten på vegne av eller saman med foreldre/føresette til barn og unge 6-18 år for å motverke økonomiske og kulturelle hindringar og medverke til inkludering.

Utbetaling skjer direkte til aktuelle lag/organisasjonar, og det skal rapporterast årleg på brukte midlar frå tilskotet. Aktivitetstilskotet kan gje tilskot til deltaking i fritidsaktivitetar, innkjøp av utstyr for utlån og til ulike inkluderingstiltak for barn og unge.

Meir informasjon (PDF, 5 MB)

Søknadsskjema

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstørrelse

a - a - a

Søk

Kontaktinformasjon

Anne-Grethe Skjærseth
Rådhuset Postboks 280
6039 Langevåg
E-post : anne.grethe.skjarseth@sula.kom..
Telefon
: 70199100

(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30

Relaterte ressursar

Levert av ACOS AS
Rådgjevar skule Pål Sindre Digernes      Pedagogisk rådgjevar Jeanette Reiten      Einingsleiar kultur Ingunn Krosby