Utrulling av nye straummålarar i Sula kommune

Endelig slutt på maset! - Mørenett.jpg - Klikk for stort bilete
Innan 1. januar 2019 skal alle straumkunder i Norge få installert nye automatiske straummålarar. I Sula kommune startar arbeidet i nær framtid.

Heile 64.000 nye straummålarar skal byttast ut i Mørenett sitt område fram mot årsskiftet 2018/2019. Det blir ein krevjande jobb og Mørenett håper alle vil ta godt imot montørane når dei kjem. 

 Dei nye automatiske straummålarane vil gi fleire fordelar:

  • Du slepp å lese av straummålaren og du får betre oversikt over forbruket ditt.
  • Straumbrot blir automatisk varsla til nettselskapet, noko som kan gjer at rettetida blir kortare.
  • Moglegheita for tilleggstenester blir opna, det gjer det enklare for deg å styre straumforbruket ditt.

 I Sula kommune startar arbeidet med å installere nye målarar i Langevåg. I resten av kommunen vil arbeidet starte opp i løpet av kort tid.

Mørenett vil sende ut eit informasjonsbrev til sine kunder før arbeidet tek til. Det er firmaet Bratseth AS som skal utføre jobben med installasjon av dei nye målarane for Mørenett. Dei vil ta kontakt med den enkelte i god tid for å avtale tidspunkt for sjølve målarbyttet. Det er venta at dei aller fleste i Sula kommune skal ha fått installert dei nye målarane i løpet av første kvartal 2018.

Koreleis fungerer målaren?
Dei nye automatiske straummålarane registrerer kor mykje straum du brukar kvar time i døgnet, og sender automatisk informasjon om dette til nettselskapetein gong i døgnet. Derifrå går informasjonen vidare til ein nasjonal datasentral (Elhub) som har ansvar for den vidare informasjonsflyten til straumleverandøren og eventuelt til andre tenesteleverandører som du ønsker skal få tilgang til måledataene dine.

Les meir på www.morenett.no

Meir informasjon og svar på spørsmål om dei nye automatiske straummålarane finn du på www.sluttpamaset.no

Du finn også mykje god informasjon om dei nye straummålarne på den nasjonale informasjonssida www.nymaler.no

Ofte stilte spørsmål til Mørenett finn du svar på her (PDF, 40 kB)

 

Publisert av Kathrin Reidun Vågnes. Sist endra 09.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her