Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal særleg vere med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag, og samarbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal alltid godkjenne årsplanen for kvart år.
Foreldrerådet i barnehagen er alle føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal sikre samarbeid mellom barnehagen og heimen.
Kommunen sin representant sit i SU for 4 år i gongen, dei andre sit for 1 år i gongen.
Styrar er alltid sekretær.
Ved spørsmål om Foreldreråd eller SU, ta kontakt med styrer.