Satsingsområde 2025- 2026
Livsmeistring i barnehagen
Heile barnehagen har same satsingsområde for eit år i gongen. Avdelingane prioriterar tema og innhald utifrå dei ulike barnegruppene. Avdelingane sine prioriteringar kjem fram i årsplanen, i periodeplanar og vekeplanar.
Livsmeistring i barnehagen
Livsmeistring handlar om å gi barna verktøy til å meistre kvardagen sin, kjenne seg trygge, og utvikle eit positivt sjølvbilete. I barnehagen legg vi grunnlaget for livsmeistring gjennom å bygge relasjonar, skape trygge rammer og støtte barna i deira sosiale og emosjonelle utvikling.
Rammeplan for barnehagen seier at barnehagen skal fremme barna si psykiske og fysiske helse, bidra til trivsel, livsglede, meistring og skape ein kjensle av eigenverdi hos barna. Barnehagen skal også forebygge mobbing og krenking. Difor må barnehagen støtte barn i å handtere motgang, utvikle sosiale ferdigheiter, sette grenser og respektere andre sine grenser samt skape gode relasjonar til andre barn og vaksne som grunnlag for tryggheit og motstandsdyktigheit (resiliens).
Utviklingsarbeid
Utviklingsarbeid i barnehagen handlar om å jobbe systematisk for å forandre eller utvikle/forbetre pedagogisk praksis. Målet er at den pedagogiske praksisen skal fremme barna sin trivsel og utvikling. I tillegg blir vi ein lærande organisasjon, som samtidig gir dei tilsette moglegheit for eigenutvikling. Vi har barnehagebasert kompetanseutvikling, som involverar alle tilsette.
Inneverande år har vi eit utviklingsarbeid i tråd med Sula kommune sine felles prioriteringar for alle einingar i Oppvekst, som gjeld utarbeiding av ein språkplan. Vi nyttar mellom anna språkløyper frå Høgskulen i Volda i dette arbeidet.
Sist endra 03.11.2025 20.02