På Loppeheimen vil vi gjennom heile året halde frem med å inkludere Babblarna i vår fokus på språkutvikling. Babblarna høyrer til Karlstadmodellen og er eit pedagogisk utvikla verktøy for å utvikle tale og språk. Der leik, nysgjerrighet og fantasi er med på å skape motivasjon for læring.
Gjennom Babblarna vil vi arbeide med fonologisk bevisstheit, som inneber at vi blir kjent med at ulike ord består av stavingar og lyder. Vi vil øve oss på å lytte til ulike lydar og nyansar for å kunne skilje ulike stavingar. Dette er områder som er spesielt viktig for å førebygge seinare skrive- og lesevanskar.
I nokre av samlingane vil vi ta utgangspunkt i dei ulike Babblarna bøkene, der vi gjer om ei allereie kjend historie for borna, slik at borna får være deltakarar i historia. Andre samlingar bygger vi ut i frå dei ulike figurane og tilpassar etter bornas interesser og utvikling. Musiske aktivitetar er ein av dei viktigaste aktivitetane som fremmer språkutvikling best. I alle samlingane vil vi derfor trekke inn songar og bruke vår eigen namne Babblarna song til arbeid med fonetisk bevisstheit. Gjentaking er viktig for læringa så det blir mykje repetering. Vi vil trekke inn teikn til tale for å støtte opp om dialog og kommunikasjon.
Sist endra 24.11.2025 12.46