Fagområda og progresjon

Rammeplan for barnehager seier at: 

Fagområdene gjenspeiler områder som har interesse og egenverdi for barn i barnehagealder, og skal bidra til å fremme trivsel, allsidig utvikling og helse. Barnehagen skal se fagområdene i sammenheng, og alle fagområdene skal være en gjennomgående del av barnehagens innhold. 

Fagområda i barnehagen seier noko om kva barna i barnehagen skal ha av opplevingar og erfaringar frå og om. Det definerer ikkje læringsmål om kva barnet skal kunne. Det seier derimot noko om korleis og med kva personalet skal bidra inn mot i barna sin leik, læring, danning og omsorg. 

Det er viktig at vi ser fagområda i ein samanheng. Barna kan oppleve mange fagområde på ein gang. Til dømes gå på tur i Nærmiljøet sitt i Naturen og Filosofere mens ein Kommuniserer og utvidar språket sitt. På same turen kan barnet hoppe og vere i bevegelse mens det tel til 3. I desse situasjonane kan trygge vaksne i barnehagen observere, utvide og bidra til læring. Frå dette vert det laga planar, aktivitetar og opplegg som gir barna eit allsidig erfaringsgrunnlag. Sjå vidare om planlegging, dokumentasjon og vurdering av tilbodet vårt her. Vi vil vurdere aktivitetane våre gjennom eige GLL-skjema, og etter det kartlegge at alle fagområda er godt nok dekt i det pedagogiske tilbodet. 

At barna opplever progresjon i tilbodet er viktig. Barna skal få meistre der dei er, men også kjenne at dei må strekke seg for å nå neste steg på vegen. Barna er ulike og alle må få medverke i eigen leik og læring. Men vi veit også at vi alle lærer og trivast godt i lag med andre, så vi deler barna inn både i aldershomogene og aldersheterogene grupper for å tilby ulike aktivitetar som er tilpassa. 

Vi førebur og tilbyr føresette 2 samtaler i løpet av året. Dette arbeidet er viktig for å vurdere kvart enkelt barn sin progresjon og også for å undersøke om barna har eit trygt og godt barnehagemiljø.