Kva styrer innhaldet i Sunde barnehage?

I Lov om barnehager står  det i § 1: Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

Det er mykje som styrer innhaldet i Sunde barnehage. Vi kan dele det i tre; Lover, planar og samarbeid. Barn og foreldre sin medverknad og Kompetansen til personalet og samarbeidspartarar. 

Det er mykje som styrer innhaldet i Sunde barnehage. Vi kan dele det i tre; Lover, planar og samarbeid, Barn og foreldre sin medverknad og kompetansen til personalet og samarbeidspartarar. 

Lover, planar og samarbeid

Den viktigste lova som styrer innhaldet vårt er sjølvsagt Lov om barnehagar. Ut frå denne lova har kunnskapsdepartementet fastsatt foreskrifta Rammeplan for barnehagar. Rammeplanen fortel meir om kva som vert forventa at alle barnehagar skal ha av  blant anna verdiar, innhald, samarbeid, fagområder, medverknad, ansvar og arbeidsmåtar. 

Læringsreisa

"Saman om læringsreisa" er visjonen for Kultur og oppvekst i Sula kommune. Vi er opptatt av at vi som kommune skaper eit godt lag rundt barn og familiar i godt samarbeid med kvarandre. I Kultur- og oppvekstplanen kan de lese om det utstrakte arbeidet Sula kommune har for barn og unge. Sentralt i planen står FN sin barnekonvensjon og sine bærekraftsmål. Sentralt i står også barnets stemme og barns beste vurdering. 

Sunde barnehage er som kommunal barnehage underlagt fleire av Sula kommune sine planar, mellom anna samfunnsplan som gjeld for 2025-2035

Andre lover, planar og samarbeid som er styrande for oss er mellom andre: 

Barn og foreldre sin medverknad

Lov om barnehager sikrar at barn og foreldre skal ha medverknad i barnehagen. Kvar haust begynner det nye og "gamle" barn og familiar i Sunde barnehage. Vi må sikre at alle desse blir hørt og sett og får moglegheit til å medverke i eigen kvardag og i innhaldet i barnehagen. Foreldre medverkar gjennom SU og foreldreråd, gjennom brukerundersøking og at vi er lydhøre for innspel gjennom kvardagstreff, foreldresamtaler og foreldremøter. 

Barna i barnehagen er små og kan ikkje alltid uttrykke det dei har behov for. Det er såleis viktig å vere lydhør for det barna uttrykker, eller ikkje uttrykker. Rammeplanen seier at barn skal få erfare å få innflytelse på det som skjer i barnehagen. Vi bruker systematisk og usystematisk observasjon, samtaler med barn og er sensitiv i møte med barna for å gje dei medverknad. 

Kompetansen til personalet

Eit fagleg sterkt og kompetent personale er den viktigste ressursen for å få eit kvalitativt godt barnehagetilbod. Personalet er dei som skal sette alt du har lese her over til praksis saman med barna i løpet av året. Dette krev at ein har god utdanning og har personlege kvalitetar som kan bidra til god leik, læring, omsorg og danning for barna - og som kan bidra til at Sunde barnehage er ein lærande organisasjon. 

I perioden 2025-2027 vil kompetanseutviklingstema vere språk, der heile oppvekstsektoren arbeider med ein språkplan for å styrke språkutvikling og lesekompetanse for alle barn og unge i Sula kommune. Tidlegare har dei kommunale barnehagene arbeida med inkludering, alternativ supplerende kommunikasjon og korleis bidra til at barna blir robuste nok til å møte dei utfordringane livet gir. 

Saman med resten av kultur og oppvekst i Sula kommune deltar vi i barnehage- og skulebasert kompetanseheving i samarbeid med Høgskulen i Volda.  Det blir gjennomføring av digital kurs i Språkløyper, utvikla av Universitet i Stavanger og nettverksdeling av erfaring og teori med alle barnehagane og skulene på Sula. 

Vi vil også arbeide vidare med erfaringar og vurderingar vi har gjort oss frå tidlegare år. I fjor fekk vi bygge opp vår kompetanse innanfor bruk av ASK i det ordinære barnehagetilbodet. Vi har fått ny kunnskap etter jobbskygging i Marseille i Frankrike i april 2024 og vi har vurdert praksisen vår og arbeidd med leik og medverknad i 2023-2024.