Bytte barnehageplass
Du kan søke om bytte til ein annan barnehage. Søker du om bytte vil barnet ditt automatisk få plass i ny barnehage når det blir ledig plass. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk oppsagt. Hugs at søknad om bytte er bindande.
Endre barnehageplass
Ønsker du å endre barnehageplassen (type plass) gjer du det på same staden som du søkte om plass.
Logg inn med ID-porten, gå til fana min side og nedtrekkmeny og plasseringane mine. Der trykker du på søk om endra plasstype.
Frist for endring/bytte av barnehageplass
Frist for å søke om endring /bytte av barnehageplass frå nytt barnehageår er 1. februar. Om der er ledig plass ved barnehagen vil det likevel vere løpande opptak.
Sei opp barnehageplass
Oppseiingstida for kommunale barnehagar er 3 månadar, for private barnehagar kan oppseiingstida variere alt etter kva som står i vedtektene til den enkelte barnehage. Ønsker du å sei opp barnehageplassen gjer du det på same staden som du søkte om plass. Det er kun den føresette som er registrert som føresett nummer ein som kan sei opp plassen.
Du må logge deg inn via ID-porten. Hjelp til å logge på.