Barn som meistrar

Prosjektet - Barn som meistrar er eit ledd i strategi for heilskapleg innsats i Sula kommune. Prosjektet er knytt tett opp til Samfunnsmål 1 i Samfunnsplan 2025-2035: Barn og unge i Sula skal ha gode oppvekstvilkår. Hovudfokus ligg på målet om at alle barn og unge skal ha godt utbytte av det ordinære barnehage- og skuletilbodet i kommunen. I Kultur- og oppvekstplan 2022-2032 er det heilskaplege kvalitetarbeidet for Kultur og Oppveksfeltet i Sula orientert om, og Prosjektet Barn som meistrar er underlagt målsettingane i denne planen og vil bidra til at nokre av måla og tiltaka vert gjennomført. 

På bakgrunn av kommunale overordna styringsdokument, nasjonale føringar og lovverk, svar på ulike undersøkingar, lokale faglege tilbakemeldingar og ulike medverknadsprosessar har vi landa på fire ulike undertema. Desse er styrande for kva vi vel ut for innsatspunkt. Modellen søker å vise samanhengane mellom nokre av dei hovudelementa som må sikrast for at barn skal oppleve gode oppveksmiljø. 

  • Nærvær -trivsel og trygglek, mestringstru og sjølvregulering
  • Grunnleggande ferdigheiter -lesing, skriving, regning, muntlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter
  • Foreldrerolla - samarbeid mellom barnehage, skule, andre tenester og heimen
  • Stillaset - innhald og kvalitet på tenestene til Sula kommune i oppvekstfeltet

 

Dette arbeider vi med

 

Gjennomførte delprosjekt