Faktura frå Sula kommune

Utsending av faktura

Sula kommune førsøker å sende ut alle faktura digitalt i følgande prioriterte rekkefølge

  1. AvtaleGiro og eFaktura
  2. Vippsfaktura
  3. Digiboks eller eBoks
  4. Vedlegg til e-post
  5. Om ingen av løsyingane ovanfor er mogleg for deg, vil du motta ein papirkopi av fakturaen i postkassa di, men fakturakopien kan ikkje nyttast for betaling med brevgiro.

I oversikta under finn du meir informasjon om dei ulike ordningane, samt kva du må gjere for å ta dei i bruk

 

Faktura som blir sendt forretningsførar eller andre mottakarar enn deg sjølv

Om du har forretningsførar eller ein annan mottakar som får tilsendt faktura på vegne av deg, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse til innbygger) overstyre om du er registrert med personnummer i Sula kommune sine register. Om du har «annan mottakar» anbefalar vi deg derfor til ikkje å inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

Utsett betaling

  • Du kan be om å få utsett betaling i 30 dagar inntil fire gongar pr. halvår.
  • Du kan ikkje be om utsetting om du har meir enn fire ubetalte fakturaer, eller meir enn NOK 12 000,00 uteståande til Sula kommune.
  • Om du har AvtaleGiro eller eFaktura må du sjølv endre forfallsdato i nettbanken.

For å søke om betalingsutsetting må du logge deg inn på Mine fakturaer. Du må logge deg på via ID-porten. Hjelp til å logge på.

Søk om månadleg faktura for kommunaltekniske avgifter

Kommunale avgifter bli fakturert 4 gongar pr. år. med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. november om ikkje anna er avtalt. Du kan også velje å få månadleg faktura.  Då må du sende oss melding på elektronisk skjema.

Før du kan endre til månadleg faktura må du gjere opp eventuelt uteståande restansar. Det gjeld fakturaer som er forfalle eller har gått til inkasso. Ta gjerne kontakt med oss for å få til ein avtale.

Kontaktinformasjon

Om du har spørsmål til ordninga, treng tomme bankgiroblankettar, eller hjelp til å fylle dei ut, kan du kontakte innbyggartorget i Sula kommune på telefon 70 19 91 00.

Om du ønsker at vi skal registrere gyldig mobilnummer eller e-postadresse på deg for at du skal kunne betale med Vipps eller motta faktura på e-post, kan du sende informasjonen om dette på e-post til okonomi@sula.kommune.no