Sikker post til kommunen (eDialog)

Sula kommune har tatt i bruk eDialog. Med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.

Derfor bør du bruke e-dialog

Mange sender oss dokument  pr. e-post. E-post er ikkje ein sikker kanal, den kan hackast, e-postar kan bli stoppa av spamfilter, eller det kan vere andre grunnar til at den ikkje kjem fram.

eDialog er ein sikker kanal der du kan kontakte oss og sende oss dokument. Alt som blir sendt gjennom denne kanalen blir lagt inn i vårt sak-/arkivsystem.

Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.

Slik brukar du e-dialog

For å bruke tenesten, må du logge deg på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten. Hjelp til å logge på. Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumenta må vere i pdf-format).

Spørsmål og svar

Kontakt

Servicetorget på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 08:00-15:30

Frå og med 01.01.24 vil nye opningstider for Servicetorget vere måndag - fredag 09:00 - 13:00. 
Dørene på rådhuset vil vere opne 08:00-15:30 som tidlegare.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss