Velkomen til siste undervisningsveke

Velkomen til siste skuleveke i kulturskulen i 2020! Dette har vore eit merkeleg år, men vi har klart å gjennomføre undervisninga til våre elevar i stor grad. Det er vi stolte av. Det er kjekt å oppleve at så mange fylgjer vår adventskalender. Vi håper den er ein brukbar erstatning for Stjerneskimmer, sjølv om vi saknar vår fysiske julekonsert. No er fristen for inn/utmelding passert, så utfyllande opptak kan starte. Vi minner om at dei som ynskjer å halde fra med det dei gjer, ikkje treng å foreta seg noko. Hugs å vere ekstra nøye med smittevern denne veka, så unngår vi at nokon blir sjuke til jul. Lykke til med siste veka før jul.

Mvh

Ingolf rektor