Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har lav inntekt. Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.
Det er litt ulike reglar for ordningane, du kan lese meir om den enkelte ordninga i oversikta under
Redusert foreldrebetaling
Redusert foreldrebetaling i barnehage
Frå 1. januar 2020 vil alle barn som bur i hushaldningar med samla årsinntekt under 574 750 kroner har rett til redusert foreldrebetaling.
Vedtaket gjeld for eit barnehageår
Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Søknad om reduksjon gjeld for både private og kommunale barnehagar.
Ordninga blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.
Gratis kjernetid i barnehage
Familiar eller hushaldningar med samla personinntekt under 566 100 kroner kan søke om fritak for betaling 20 timer per veke. Ordninga gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn som har utsett skulestart.
Vedtaket gjeld for eit barnehageår
Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Søknad om reduksjon gjeld for både private og kommunale barnehagar.
Ordninga blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.
Redusert foreldrebetaling SFO
Ordninga gjeld for elevar på 1.-2. årstrinn i kommunal SFO. For skuleåret 2020/21 er inntektsgrensene slik det gjeng fram av tabellen under.
Søknaden gjeld for maksimalt eit skuleår om gangen. Eit skuleår startar i august.
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
Betaling for kost kan komme i tillegg.
Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. årstrinn
Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Desse barna skal ha eit utybytte av å gå i SFO ut over 4.trinn.
Plassering og innhald
Sula kommune tilbyr to plassar i SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn, plassane er behovsprøvd og blir oppretta ved eininga der barnet går til dagleg.
Barn med særskilte behov har ikkje rett til spesialundervisning i SFO fordi SFO ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, kapittel 5 i opplæringslova gjeld berre for grunnskuleopplæring.
Kven gjeld ordninga for
Sula kommune har i fleire år hatt ei ordning som skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne vert gitt likeverdige utviklingsvilkår i skulefritidsordninga gjennom fordeling av tilskot til helse- og tryggleikstiltak i skulefritidsordninga. Vi har valgt å legge same definisjon til grunn for gratis opphald i SFO for barn på 5.-7. årstrinn. Barn med særskilte behov i SFO er i Sula definert som:
- Svært sjuke born
- Born som treng ekstra stell og særleg tilsyn
- Born med store åtferdsavvik
Krav til dokumentasjon
-Legeerklæring
-Uttale frå PPT i forhold til åtferdsavvik, ikkje lærevanskar
-Uttale frå BUP
Lovar og reglar
Inntekt
Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt. Omgrepet "hushaldning" omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar takast med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.
Sjølvmelding skal leggast ved som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søker pliktig til å opplyse og dokumentere dette når du søker.
Slik søker du
Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. I Sula kommune skal du bruke desse skjemaene
Skjemaet er elektronisk og du må logge deg på via ID-porten. Hjelp til å logge på.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 01. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehage- /skuleår tek til i august. Etter søknadsfristen bli søknadane behandla fortløpande.
Klage
Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke.