Sula kommune

Faktura frå Sula kommune

Sula kommune førsøker å sende ut alle faktura digitalt i følgande prioriterte rekkefølge

  1. AvtaleGiro og eFaktura
  2. Vippsfaktura
  3. Digiboks eller eBoks
  4. Vedlegg til e-post
  5. Om ingen av løsyingane ovanfor er mogleg for deg, vil du motta ein papirkopi av fakturaen i postkassa di, men fakturakopien kan ikkje nyttast for betaling med brevgiro.

I oversikta under finn du meir informasjon om dei ulike ordningane, samt kva du må gjere for å ta dei i bruk

Faktura frå Sula kommune

Avtalegiro

AvtaleGiro gjer at faste rekningar blir betalt automatisk. Alle kan teikne AvtaleGiro, du treng ikkje ha nettbank for nytte deg av denne tenesta.

Fordeler med AvtaleGiro:

  • AvtaleGiro er enkelt, effektivt og oversiktleg.
  • Fakturabeløpet vert trekt automatisk frå kontoen din ved forfall, du slepp å betale giroen i nettbank eller i banken.

Korleis inngå avtale om AvtaleGiro:

Dette er ein avtale mellom deg og banken din. For å inngå avtale kan du anten:

  • Ta kontakt med banken din
  • Opprette avtale i nettbanken din.

Meir informasjon om AvtaleGiro

Hos Sula kommune kan du også kombinere eFaktura og AvtaleGiro. Då vil betalinga bli utført automatisk på forfallsdato med AvtaleGiro, og eFaktura med spesifikasjon av fakturaen vil fungere som varsel for betalinga. Du vil motta varsel pr e-post når eFakturaen er tilgjengeleg i din nettbank. For kombinasjonen må du inngå både AvtaleGiro og eFaktura avtale.

eFaktura

eFaktura

Om du inngår ein avtale om eFaktura får du rekninga rett i nettbanken. For å nytte deg av eFaktura-tenesta må du ha tilgang til nettbank hos din bank.

Fordeler med eFaktura:

  • Du mottar faktura i nettbanken i staden for i postkassa.
  • Du slepp å taste inn lange KID- og kontonr. når rekninga skal betalast. Alt er ferdig utfylt.
  • Det einaste du treng å gjere er å bekrefte betalinga i nettbanken eller via brettbank/mobilbank.
  • Dersom du ønskjer det, kan du bli varsla på e-post kvar gong ei ny rekning kjem.
  • Nettbanken har enkel oversikt over rekningar som er betalt og kva som ligg til betaling. 

Korleis inngå avtale om eFaktura:

Når du betaler neste rekning frå Sula kommune i nettbanken din, vil du få spørsmål om du ønskjer å motta rekninga elektronisk, altså som eFaktura. Dette svarer du bekreftande på, så følger du rettleiinga du får på skjermen. Banken ber blant anna om eFaktura-referanse. Opplysningar om denne referansen står på fakturaen du har mottatt frå kommunen. Du kan også registrere eFaktura manuelt i nettbanken. 

Meir informasjon om eFaktura

Faktura på Vipps

For å kunne bruke Vippsfaktura må du ta i bruk Vipps, og du må vere registrert med eit gyldig mobilnummer i Sula kommune sitt register.

Om du ønsker å motta faktura på denne måten kan du sende informasjonen om dette på e-post til okonomi@sula.kommune.no​​​​​​​

Digiboks eller eBoks

Om du har oppretta ei digital postkasse (Digipost eller eBoks), og du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege, kan du motta faktura som digital post.

Om du ønsker å motta faktura på denne måten må du opprette Digipost eller eBoks

Faktura på e-post

For å motta faktura som vedlegg i ein e-post frå Sula kommune, må du vere registrert med gyldig e-postadresse i Sula kommune sitt register.

Om du ønsker å motta faktura på denne måten kan du sende informasjonen om dette på e-post til okonomi@sula.kommune.no

Brevgiro

Vi anbefalar alle som pr. i dag brukar brevgiro å opprette AvtaleGiro eller eFaktura, du kan også opprette Vippsfaktura.

Om du vel å fortsette med brevgiro må du fylle ut informasjonen frå fakturakopien på ein tom bankgiroblankett. Slike tomme bankgiroblankettar kan du få i din lokale bank eller på rådhuset. På rådhuset kan du også få hjelp til å fylle ut blankettane.

Følgande felt skal fyllast ut på den tomme bankgiroblanketten

  1. Beløp
  2. Betalar sitt kontonummer
  3. Betalt av
  4. Betalt til
  5. Kundeidentifikasjon (KID)
  6. Kroner og øre
  7. Til konto

 

Faktura som blir sendt forretningsførar eller andre mottakarar enn deg sjølv

Om du har forretningsførar eller ein annan mottakar som får tilsendt faktura på vegne av deg, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse til innbygger) overstyre om du er registrert med personnummer i Sula kommune sine register. Om du har «annan mottakar» anbefalar vi deg derfor til ikkje å inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

Kontaktinformasjon

Om du har spørsmål til ordninga, treng tomme bankgiroblankettar, eller hjelp til å fylle dei ut, kan du kontakte servicetorget i Sula kommune på telefon 70 19 91 00.

Om du ønsker at vi skal registrere gyldig mobilnummer eller e-postadresse på deg for at du skal kunne betale med Vipps eller motta faktura på e-post, kan du sende informasjonen om dette på e-post til okonomi@sula.kommune.no

Kontakt

Økonomikontoret
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00