Kommunal vigsel

Kven kan gifte seg i Sula kommune?

Sula kommune tilbyr vigsel til alle som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge. 

For å inngå ekteskap i Norge må ein ha ein prøvingsattest frå folkeregisteret. Søknad om prøvingsattest har vanlegvis ei behandlingstid på 2-3 veker. Prøvingattesten er gyldig i fire månader.

Når kan de gifte dykk?

  • Kvardagar i ordinær opningstid for rådhuset (08:00-15:30), etter avtale.
  • Ettermiddag/kveld og helgedagar- etter førespurnad og så langt kapasitet og praktiske omsyn tillèt det.

Kvar kan de gifte dykk?

Kommunen stiller følgjande lokaliteter tilgjengeleg:

  • Ordføraren sitt kontor
  • Formannskapssalen
  • Møterom på Molværsvegen 17

Etter førespurnad kan vigselen også gjennomførast på andre stadar. Vigselspersonane vurderer sjølv kapasitet og dei praktiske tilhøva i kvart einskild tilfelle.  

Kva kostar det?

TenesteGebyr 2024Merknad

I ordinær opningstid rådhuset (08.00 – 15.30) og i kommunalt lokale:

  • eigne innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her:
  • innbyggjarar frå andre kommunar:

0,-

 

 

 

1.746,- ¤

pr. vigsel.

 

Kommunen kan stille med vitner.

Utanom ordinær opningstid og i kommunale lokale, kvardagar:

2.253,- ¤

 

pr. vigsel.
Utanom ordinær opningstid og i kommunale lokale, helg.2.929,- ¤pr. vigsel.

Ved vigsel utanfor kommunale lokale, ved ev. særskilt tidsbruk for vigselsperson.

 

 

 

1.690,-

 

 

 

 

pr. time.

Tilleggspris ved evt. gjennomføring av vigsel på særskilt lokasjon.

¤ Gebyret dekkjer førebuing, gjennomføring og etterarbeid av vigselen, og dessutan kommunalt lokale inkl. vaktmeister, oppvarming m.v.

Avtale tidspunkt for vigsel

Bestill tidspunkt her.

Spørsmål og svar

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss