Julehilsen frå rektor

Julehilsen frå rektor!


Då går kulturskuleåret 2020 mot slutten. Dette vart eit veldig rart år, men du verden som både lærarar og elevar/føresette har stått på for å halde hjula igang! Eg vil takke alle for innsatsen og positive haldningar. Vi tar med oss dei gode løysingane, og så håper vi at 2021 blir meir slik vi ynskjer at kulturskulekvardagen skal vere. Vi legg opp til spanande prosjekt med jazzorkesteret vårt, vi jobber med ein pianofestival-ide, vi skal ha eit prosjekt der dramaelevar og musikkelevar står på same scene, og vi har tankar om Donken Rock og Kvitveisdag. Vi krysser fingrane for at dette let seg gjennomføre.


No er supplerande opptak gjort, og alle nye elevar har fått mail. Det er framleis ledig plass på Drama, så det er berre å søke.


Kulturskulen tar no velfortent juleferie, og les kunsporadisk mail fram til vi opner døra att 4. januar.


Rektor ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt kulturskuleår!