Velkomen til ny veke

Velkomen til ny veke i kulturskulen. Denne veka er også på raudt nivå. Det betyr at all gruppeundervisning blir digital. Alle elevar får opplegg frå sin lærar. Individuell undervisning går som vanleg, men med ekstra fokus på avstand og handhygiene. Alle elevar MÅ vente ved avtalt ytterdør til lærar henter dei. Ventesonane må vere stengde så lenge. Ingen sjuke må kome på kulturskuleundervisning. Lærar og elev blir samde om evt digital individuell undervisning om det er naudsynt og mogleg å få til.

Vi har no to ledige plassar på slagverk, og det er ledige plassar på drama, biletfag og jazzorkester. Prøv da vel?

Mvh

Ingolf Dragset

Rektor