Velkomen til ny undervisningsveke. Vi håper denne veka blir så normal som mogleg. Beklagelegvis må dramaelevane vente enno ei veke før det blir oppstart, men det blir eit fint dramasemester som blir avslutta med Sulanissen og Svansnissen-forestilling. Vi håper alle nye elevar har kome godt i gang. Ta kontakt med rektor om det er noko som er uklart. Tysdag 7.september er det open Jazzorksterøving på kulturskulen. Alle som nærmer seg ungdomsskule-alder, eller går på ungdomsskule eller vidaregående kan kome å sjå kva jazzorkester er. Ta med instrumentet ditt, og bli med, eller berre kom får å sjå/høyre/oppleve. Vi håper mange dukker opp, og får lyst til å bli med i vårt Jazzorkester. https://fb.me/e/dqarFisNR