For eit show det vart!

Velkomen til ny veke i kulturskulen. Tusen takk til alle elevar og tilsette som var med på å gjere opninga av Rørstadmarka skule til den strålande opplevinga det vart. Kulturskulen fekk vist seg fram, men det var fyrst og fremst samarbeidet mellom grunnskule, korps og kulturskule som var i fokus. Det er gull. 

No er det straks klart for våre julearrangement, og fyrst ute er Sulanissen og Svansnissen som er i slutten av neste veke. Lykke til alle som skal delta på det.