Både belte og bukseselar skal ta vare på Brusdalsvatnet

Komande veke blir det hengt opp ei gigantisk «gardin» i Brusdalsvatnet for å hindre jordpartiklar frå gravearbeid til Fremmerholen vassbehandlingsanlegg i å spreie seg utover vatnet.

Eit nytt vassbehandlingsanlegg vil vere med å sikre innbyggarane på Sula tilstrekkeleg og trygg drikkevassforsyning, seier kommunalsjef samfunn i Sula kommune, Jørn Agersborg.

Strandlinje ved vatn fremst på bilde,  bebyggelse og ein åskam i bakgrunnen.  - Klikk for stort bileteDet er sett i gang ei lang rekke sikringstiltak fordi ein skal jobbe tett på drikkevasskjelda. Prosjektleiar Marthe Strømme seierdei har gjort det dei kan for å avgrense risikoen. - Å jobbe så tett på ei drikkevasskjelde er eit stort ansvar som vi tek på alvor. Ålesund kommune

 

Ålesund kommune har sendt ut følgande informasjon om arbeidet:

Fremmerholen vassbehandlingsanlegg har både vassbehandling i Brusdalsvegen 208 og råvannspumpestasjon tett ved Brusdalsvatnet. No går ein i gang med arbeidet i vasskanten ved Brusdalsvatnet, og då vert det  sett i verk ei lang rekke tiltak for å sikre drikkevatnet. kommune, Jørn Agersborg.

Dobbelt lag med siltgardin

Det første som skjer er at det blir hengt opp siltgardin. Silt er finkorna partiklar frå jord og lausmasse. Gardina skal hindre dette i å spreie seg utover vatnet. Det blir hengt opp både ei lang siltgardin ytterst og to kortare siltgardiner innanfor den ytterste barrieren. Då får ein dobbelt lag og back-up i tillegg til at dersom vind og uver fører gråfarga vatn over den innerste siltgardina, så har ein eit ekstra sikringslag utanpå. 

Silten, jordpartiklane, kjem frå avrenning frå tomta, både overflatevatn og anleggsvatn. Tomta til råvasspumpestasjonen er ei naturtomt der det ikkje har vore forureining, og det er dermed rein masse som skal handterast her. Siltgardina har ei «maskevidde» på 0,045 millimeter og fangar dermed opp sjølv ørsmå partiklar.

Grått vatn

Prosjektleiar Marthe Strømme forklarer at innanfor gardina vil vatnet bli grått.
-    Det vil vere lett å sjå at det kjem partiklar ut i vatnet, men dette er frå rein masse og skal verte avgrensa til området innanfor siltgardinen. Gardinen skal forhindre at det ikkje kjem silt verken til inntaksrøret for drikkevatn eller til elvemuslingar og anna i Spjelkavikelva. 

Partiklane, silten, vil etter kvart sekke ned og legge seg til ro på botnen. 

Reinseanlegg og strenge krav

I tillegg til siltgardin vert det reinseanlegg som reinsar vatn på tomta før det renn vidare til Brusdalsvatnet, og ved arbeid som kan skape spesielt gjørmete vatn, vil det bli vurdert om ein skal køyre det vekk. 

Marthe Strømme seier at det har vore gjort miljørisikoanalysar, det er laga beredskaps- og tiltaksplan og i arbeidsperioden vert det varsling og vaktordningar, for å sikre seg mot utslepp til vatnet. Miljørådgivarar er ein del av prosjektet både i planleggings- og gjennomføringsfasen.

Eit stort ansvar

Dei som skal jobbe på tomta har krav til korleis arbeidet skal gjerast med mellom anna krav om desinfiserte maskinar og utstyr for oppsuging både på land og i vatnet dersom det skulle bli utslepp, biodiesel på køyretøy og elektrisk gravemaskin.

-    Vi meiner at vi har tatt på både bukseselar og belte og gjort det vi kan for å avgrense risikoen. Å jobbe så tett på ei drikkevasskjelde er eit stort ansvar som vi tek på alvor. 

Multiconsult som er inne som miljørådgivarar i prosjektet, stadfestar at det er krevjande og komplisert å gjennomføre gravearbeid nær så sårbare resipientar som Brusdalsvatnet og Spjelkavikelva. 

-    Derfor har vi- jobba grundig med førebuingane og det er gjennomført miljørisikoanalysar der alle involverte har deltatt. Vidare er det utarbeidd ei rekke tiltak for å sikre god drikkevasskvalitet gjennom heile anleggsperioden og for å førebyggje uhellsutslepp.

Arbeidet på råvasspumpestasjonen vil ta om lag to år. Det er i den første fasen med grunnarbeid og når sjøleidninga skal leggast at det vert mest graving og misfarga vatn innanfor siltgardina.

Fremmerholen vassbehandlingsanlegg

  • Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.
  • To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.
  • Planlagt drift av anlegget er hausten 2026