Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke sula.kommune.no. Vi arbeider kontinuerlig med å forbetre brukaropplevinga.

Gi oss tilbakmelding om manglande tilgjengeligheit

Om du finn innhald som ikkje fungerer som det skal, eller som er vanskeleg å forstå, vil vi gjerne at du melder frå til oss. Vi set stor pris på tilbakemeldingar.

Gi beskjed om manglande tilgjengelegheit

Her finn du tilgjengelegheitserklæringa til Sula kommune

Fleire tilgjengelegheitserklæringar

På sula.kommune.no brukar løysingar der vi ikkje har moglegheit til å legge tilgjengelegheitserklæringa direkte på sida. Vi har defor laga ei samla oversikt her

Slik jobbar vi med tilgjengelegheit

Nettstaden skal følge likestillings- og diskrimineringsloven og forskrift om universell utforming av IKT-løysingar. Målet vår er at  sula.kommune.no skal følge krava i Web Content Accessibility Guidelines (WCAG 2.1).

Dette jobbar vi med

Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:

  • Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast på eit klart og tydeleg språk.
  • Når vi brukar bilde og grafikk skal vi passe på at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
  • Når vi bruker video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også komme fram i form av tekst.

Dette prioriterer vi i 2023 

  • Vi vil gjere nødvendige tiltak for å tilpasse informasjon som er publisert i pdf-format til krava om universell utforming. 
  • Digitalisere skjema som ikkje må være i pdf-format
  • Vi arbeider for å sikre universell utforming ved valg av tredjepartsløysingar og utvikling av eksisterande løysingar.

Ansvarleg for nettstaden

  • Kommunalområda og einingane er ansvarleg for sitt eige innhald på nettstedet.
  • Ansvarleg redaktør er kommunedirektøren 
  • Nettredaktør er Kathrin Reidun Vågnes 

Kontakt

Kathrin Reidun Vågnes
rådgivar kommunikasjon
E-post
Telefon 48 12 30 75