Informasjon om tiltaksplan for omstilling

Tiltaksplan for omstilling er no vedtatt av kommunestyret. Målet med tiltaksplanen er å skape ein varig og sunn driftsøkonomi.  Planen inneheld omstillingstiltak i alle delar av organisasjonen. Din nærmaste leiar har informert deg om kva for tiltak som er foreslått i di eining. No skal tiltaka gjennomførast.

For mange påverkar tiltaksplanen arbeidsdagen i liten grad. Andre opplever kutt og nedlegging av tenester. Nokre stiller spørsmål til kvifor kutta må takast akkurat i deira avdeling og ikkje på andre område. Dei lurer kanskje også på om leiinga, kommunedirektøren eller politikarane eigentleg forstår kva for konsekvensar kutta vil få for innbyggjarane og for tilsette.

Vi forstår spørsmåla og vi kan seie at vala ikkje har vore enkle. Dilemmaet til Sula kommune er at vi driv effektivt i alle tenester, men likevel driv for dyrt i forhold til det vi har av inntekter. Ingen tenesteområde opplever at dei har god økonomi og vi må ta vanskelege og tøffe prioriteringar.

Slik har vi tenkt

Vi har forsøkt å skåne det førebyggande arbeidet/ tidleg innsats i alle kommunalområda. I tillegg har vi skåna tenester som driv mest kostnadseffektivt samanlikna med andre kommunar.  Dette betyr likevel ikkje at dei kutta vi har foreslått er enkle å gjennomføre, fordi ingen opplever i dag at dei har nok ressursar. Det er viktig at vi no står samla og at vi held fram med å samarbeide på tvers i organisasjonen.

Dette skjer no

Nærmaste leiar formidlar denne e-posten til alle ved sin arbeidsplass. Dei som er direkte råka vert kalla inn til eigne informasjonsmøte der dei vil få meir informasjon om kva som skal skje. 
Vi gjennomfører nye risikoanalysar knytt til dei største tiltaka, og vi har framleis mål om å unngå oppseiingar.

Arbeidet med å gjennomføre tiltaksplanen betyr ikkje at utvikling av tenester og samfunn stoppar opp. Dette arbeidet skjer parallelt fordi evne og vilje til å utvikling er nøkkelen til gode tenester i framtida. Vi ser mange døme på at vi meistrar denne balansekunsten her i Sula kommune.

For tilsette

Om du er tilsett i Sula kommune og har spørsmål eller innspel til omstillingsprosessen, kan du ta kontakt  med din nærmaste leiar eller tillitsvalde.