Til alle tilsette i Sula kommune - 17.12.24

Budsjett og økonomiplan for 2025-2028 vart vedtatt av Sula kommunestyre 5. desember. Det samla vedtaket finn du her.

Mange har nok fått med seg at innsparingskravet i drifta vart høgare enn det som låg i kommunedirektøren sitt forslag. Forslaget frå kommunedirektøren var på 10 million, medan kommunestyret vedtok ein innsparingskrav på 16 mill. Dette gjer at utfordringa har auka, og at vi må  ha ei anna tilnærming til omstillinga, og planen om å gjennomføre nedbemanninga ved naturlege avgangar kan bli utfordrande. 

Inntektene våre strekk ikkje til og reduksjon i tenestenivået er uungåeleg. Kostnadar i kommunal sektor er i stor grad knytt til lønn, og vi må difor redusere årsverk. Mange av tenestene våre er regulert av enten normer for bemanning, eller av  einskildvedtak om rett til individuelle tenester. Dette gjer at vi har eit begrensa handlingsrom på mange av tenesteområda, og vi må ha ein fortløpande dialog med formannskapet om risikoane i budsjettvedtaket. 

Vi veit at dette kan skape uro og usikkerheit ute i organisasjonen. Vi sender difor ut denne informasjonen for at alle skal vite kva som er bestemt og kva som ikkje er bestemt. Vi skal strekke oss langt for at prosess ivaretek tilsette utan å måtte gå til oppseiingar. Dette målet kan vere realistisk fordi vi er ein stor organisasjon der det vil ver mogeleg å tilby anna arbeid. 

Dette skjer før jul:

  • Frå 6. des: Kommunalsjefane gjennomfører møter med alle einingsleiarar for å kartlegge situasjonen i drifta og  vurdere tiltak.
  • 13. des: Kommunedirektøren gjennomfører risikoanalyse saman med tillitsvalde i forhold til omorganisering og nedbemanning.
  • 16. des: Informasjon til alle tilsette om det vi veit til no
  • 17. des: Møte med formannskapet for å avklare videre prosess med omstilling og nedbemanning.
  • 18. des: Felles møte med alle einingsleiarar, tillitsvalde og hovudverneombod for å diskutere framdriftsplan for prosessen

Dette skjer i januar:

  • Vidare arbeid i kommunalområda med tiltak.
  • Plan for omstilling til drøfting med tillitsvalde
  • Fortløpande informasjonsmøter med alle som vert berørt av omstillinga.
  • Møte med formannskapet for å forankre tiltak. ( prinsipielle saker må vedtakast)

Vi forstår at de opplever allereie knappe ressursar, og at det er utfordrande å gje dei tenestene som innbyggjarane forventar og har krav på.  Dette gjeld i alle tenesteområda våre. Vi forstår også  det er frustrerande at kommuneleiinga og politikarar legg budsjettrammer som ikkje strekk til. «Leiinga må forstå kva vi står i, er uttrykk vi har høyrt frå tilsette, og vi forstår at de kan undrast på om vi faktisk forstår. Det vi kan seie er at både politisk og administrativ leiing skulle ønske at vi hadde meir ressursar å fordele. Realiteten er at kommunane i Norge ikkje har hatt realvekst sidan 2016, og dette problemet har blitt tilslørt av gode år der heldige ekstrainntekter frå skatt og finans har berga oss. No er desse gyldne åra er over sit vi igjen med inntekter som ikkje strekk til. Forventningane til kva vi skal levere har imidlertid auka, og no er smertegrensa nådd.

Tilsette og politikarar står no i ei rekke verdikonfliktar og etiske dilemma. Faren er at vi misser tillit til kvarandre i denne situasjonen. Tilsette kan tenkje  at politikarar ikkje forstår, og politikarar kan tenkje at tilsette ikkje er omstillingsdyktige, eller at leiarar ikkje har budsjettkontroll. Denne mistilliten oss imellom er ingen tent med.

Det er viktig for kommunedirektøren å formidle at både administrativ og politisk leiing vil bidra med innspel i den nasjonale diskusjonen som no pågår kring rammevilkåra i kommunal sektor. Enn så lenge må Sula kommune drifte innanfor det vi har av inntekter, og vi må ha tillit til kvarandre og om at vi gjer det vi kan for å nytte dei samla ressursane mest mogeleg effektivt.

Takk for jobben de gjer kvar dag. Vi skal gjere det vi kan for å sikre at alle er med på laget vidare i Sula kommune.

Vi oppmodar alle tilsette til at ta kontakt med næraste leiar eller tillitsvald dersom de har spørsmål og innspel. 

Vedtatt budsjett 2025 - 2028 (PDF, 3 MB)