Fakta om Sula

Øya Sula ligg sør for Ålesund, det tek om lag 35 minutt med bil mellom kommunesenteret Langevåg og Ålesund sentrum, med passasjerbåt tek turen berre 7 minutt.

  • Sula kommune vart etablert 1. januar 1977 og ligg i Møre og Romsdal fylke.
  • Folketalet i kommunen er 9 547 (pr. 1 januar 2022) Oppdatert folketal finn du til ei kvar tid på Statistisk sentralbyrå (SSB) sine sider.
  • Med sine  58 km² er Sula kommune ei av dei minste, men samtidige ei av dei mest folketette kommunane i fylket med 165 innbyggarar pr. km²
  • Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.
  • Kommunen har til saman fem bygder: Langevåg, Fiskarstranda, Mauseidvåg/Eikrem, Solavågen og Veibust/Kvasnesbygda.
  • Halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i Langevåg som også er kommunesenteret
  • Sula var tidlegare eit viktig fiske- og landbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna fiskeforedling og skipskonstruksjon.
  • Sula er kjent som musikkommunen med Ytre Suløen, Brazz Bros, Annbjørg Lien, Robert Post, Nils Petter Molvær, Lena Nymark, Siril Malmedal Hauge m. fl.

Bilde tatt frå lufta, holmar i framgrunnen, ein hurtigbåt er på veg mellom holmane. Tettbygd strøk i bakgrunnen.e - Klikk for stort bilete Karl Otto Kristiansen