Meirope bibliotek

Meirope bibliotek er eit tilbod til deg som er registrert som lånar på Sula bibliotek, og som ønsker å bruke biblioteket utanom ordinær bemanna opningstid.

Aldersgrensa for å inngå avtalen er 18 år, og du må vise gyldig legitimasjon med bilete.

For å bruke det meiropne tilbodet må du alltid registrere deg med bibliotekkort og PIN-kode før du går inn i lokala.

Lokala er videoovervaka når biblioteket er ubemanna. Dette er for din eigen tryggleik, og for bevaring av biblioteket sitt inventar og utstyr.

Biblioteket er eit offentleg rom som skal vere til glede og nytte for alle.

Ved å signere kontrakt og oppgradere bibliotekkortet til tilgangskort for meirope bibliotek, er det nokre reglar du forpliktar deg til å overhalde:

  • Vise omsyn til andre
  • Rydde opp etter deg
  • Halde ro og orden
  • Alle over 18 år må ha eige, oppgradert bibliotekkort. Føresette kan ta med seg barn under 18 år, men barn kan ikkje vere igjen åleine i biblioteket meiropen tid.
  • Kontrakten og bibliotekkortet er personleg og det er berre du som kan bruke kortet som tilgangskort. Du er ansvarleg for korleis kortet ditt blir brukt. Du har heller ikkje høve til å sleppe andre inn i biblioteket. Brot på dette vilkåret kan resultere i at ein misser retten til bruk av meirope bibliotek.
  • Du må forlate biblioteket når meirope bibliotek stenger.
  • Du har sjølv ansvar for å evakuere bygget ved brannalarm og følge skilta rømningsvegar.

Hærverk vil bli meldt til politiet. Du vil bli stilt økonomisk ansvarleg for eventuelle øydeleggingar. Opphald i biblioteket i ubemanna opningstid er på eige ansvar.

PRAKTISK INFORMASJON:

  • For å bruke meirope bibliotek loggar du deg inn ved å skanne bibliotekkort og PIN-kode ved påloggingspanela ved inngangsdøra i 1. og 2. etg.
  • I sjølvbetjent, meirope (ubemanna)  bibliotek kan du låne og levere bøker. 
    • Levèr inn bøkene dine i ei av innleveringskassene, enten den som står utanfor inngangsdøra, eller den som står rett innanfor inngangsdøra i biblioteklokalet.
    • Ikkje legg bøkene på skranken, då kan andre ta dei og du blir ståande som ansvarleg lånar.
    • Lån bøker på utlånsautomaten ved å skanne lånekortet.
  • Viktig beskjed om innlån/fjernlån:  bøker som vi har lånt inn til deg frå andre bibliotek kan du hente på hentehylla, men du får ikkje lånt dei ut eller levert dei inn på utlånsautomaten. Du kan hente bøkene og låne dei med deg, men då ber vi deg om å gi beskjed til biblioteket på SMS til : 957 10 241 eller på e-post til: sula.bibliotek@sula.kommune.no når du hentar dei.  Når du skal levere fjernlån, levèr bøkene i innleveringskasse.
  • Du kan også lese aviser og tidsskrift, eller sitte og studere.
  • Som føresett kan du ta med barna dine inn, men ikkje la dei vere åleine i biblioteket.
  • Du kan bruke publikumsPC, og vi har gratis gjestenett (SuK-Gjester-SMS)
    • Du har høve til å ta utskrifter, men ikkje kopiere. Prisar står på skrivaren, og du må betale med Vipps til 116016.
    • Kjøp av varmdrikk må du betale med Vipps til 116016.
    • Lyset slår seg automatisk på når du kjem inn døra, og det slår seg heilt av ved stengetid.

OPNINGSTIDER FOR MEIROPE BIBLIOTEK: 

  • måndag til fredag  kl. 11.00-21.00
  • laurdag og søndag kl. 11.00-18.00

 Opningstidene kan bli endra.

 

Kontakt

Elisabeth Flåskjer Kjerstad
Avdelingsleiar
Telefon 95 71 02 41