Utmelding

Vil du seie opp elevplassen? Det kan vere lurt å gå gjennom sjekklista vår før du bestemmer deg.

Sjekkliste før utmelding

  1. Spør kvifor ditt barn ønsker å slutte. Det kan vere mange forskjellige grunnar for at elevar øsnker å slutte. Vår erfaring tilseier at dei fleste grunnane går å løyse og komme over, slik at eleven fortsetter.
  2. Ta ein telefon til læraren og legg fram situasjonen. Våre lærarar skal vere fleksible og har erfaring med å finne løysingar tilpassa den enkelte elev.
  3. De er alltid velkomne til å ta opp situasjonen med rektor.

Viktig å vite ved utmelding

Det er likevel brukaren som til slutt avgjer saka, blir resultatet utmelding er det viktig at du kjenner til følgjande:

  • All utmelding må skje skriftleg til kulturskulen sin administrasjon. Det er ikkje nok å seie frå til læraren, eller sende melding gjennom SFO, grunnskulen, eller andre elevar.
  • Utmeldinga må vere skriftleg med underskrift av ein føresett (eller elev over 18 år). Ein e-post til administrasjonen er i orden.
  • Det er også mogleg å melde seg ut via kulturskulen sitt digitale elevregistreringsprogram (SpeedAdmin).  Kontakt oss om du har problemer med pålogging. 
     

Viktige datoar å hugse på:

  • Skriftleg oppseiing seinast 20.mai dersom du ikkje ønsker å starte på haustsemesteret. 
    Seier du opp plassen etter denne datoen, må du likevel betale for haustsemesteret.
     
  • Skriftleg oppseiing seinast 20.desember dersom du ikkje øsnker å halde fram i vårsemesteret. Seier du opp plassen etter denne datoen, må du likevel betale for vårsemesteret. 

Adresse

Postadresse

Postboks 280
6039 Langevåg