Vilkår

Undervisningsdagar

Kulturskulen følger skuleruta til grunnskulen. (PDF, 549 kB)

Opptak

Kulturskulen har to hovudopptak i året. Vi tar også opp elevar gjennom heile året tildeler plass så snart der blir noko ledig på eit av tilboda.  

Prosedyrar for elevopptak

  • Hovudopptaka vert gjennomførte i juni og desember kvart år.
  • Rektor har ansvar for opptaket.
  • Søkaren skal få skriftleg tilbakemelding seinast 1. juli og 20. desember. 
  • Søkarar som ikkje får plass ved hovudopptaket blir sette på venteliste 
  • Søkarar på venteliste får tilbod om plass når det vert ledige plassar. Prioriteringa skjer etter ansiennitet på ventelista og alder. 
  • Søkarar med spesielle behov og søkarar med ansiennitet frå andre kulturskular kan prioriterast etter søknad.  
  • Søknaden er bindande ved opptak. Utmelding må skje skriftleg til administrasjonen med frist 10.12 for vårsemesteret og 20.05 for haustsemesteret.
  • Søkjarar som får tildelt plass får skriftleg informasjon om fast tidspunkt og plass for undervisninga, tid for første oppmøte og namn og telefonnummer til læraren.

Foto og film av eleven

Eleven kan bli fotografert/filma til bruk på websider/ brosjyre.

Avlysing av undervisning

Når nokre av våre lærarar er fråværande gjer vi kva vi kan for å skaffe ein kvalifisert vikar slik at undervisninga går som den skal. Vi klarer ikkje alltid å finne vikar og må avlyse undervisninga.

Melding om avlyst undervisning blir sendt ut per SMS til det mobilnummeret som vi har registrert i vår database. Kulturskulen kan avlyse 3 undervisningsdagar per fag og semester. Blir det fleire avlysingar i løpet av eit skuleår kan vi gi kompensasjon på 2 ulike måtar:

  1. Vi lager eit opplegg som tar igjen avlyst undervisning.
  2. Vi gir reduksjon i elevpengane.

Dette blir ikkje gjort dei tre første gongane undervisninga blir avlyst.